Annonse
Vil bygge bru over elva til Nos/Bolstadsetra i Glomsdalen - Ein søknad er oversendt til Stryn kommune som er datert 08.10.2025
Nyheiter
Publisert :
09.10.2025 17:35
Av Reidar Nesje
Publisert :
09.10.2025 17:35
Av Reidar Nesje
- Indre Nordfjord Turlag (INT) og Oppstryn Bygdeutviklingslag (OBUL) søkjer ilag
Til Stryn kommune Indre Nordfjord Turlag (INT) og Oppstryn Bygdeutviklingslag (OBUL) søkjer med dette om løyve til å byggje ei ny bru over elva til Nos/Bolstadsetra i Glomsdalen, Oppstryn.
Bakgrunn for søknaden
● I den tida setra var i drift, var det hengjebru over Glomsdøla ved Nos, men denne er no heilt øydelagd.
● Tilkomsten til Nos/Bolstadsetra er difor vanskeleg og utrygg. Råsa er ikkje like god på vestsida av elva, og det kan vere utrygt å gå her fordi det ofte ligg store fonner til langt ut på sommaren. Tynne snøbruer kan vere livsfarlege å passere.
● I dag har ikkje brukarane på Bolstad verken storfe eller sauer på Nos, men dersom nokon i framtida vil starte opp på nytt, er brua viktig for å kunne nytte hamnen på begge sider av elva.
● Det er mykje hjort i Glomsdalen. I samband med forvalting av hjortestammen vil ei ny bru vere svært tenleg.
● Sela på Nos står til nedfalls, men dei solide gråsteinsmurane står att. I samband med restaurering av sel vil ei ny bru gjere stor nytte.
● Dei fine gråsteinsmurane etter dei tre steinsela på Nos er ganske unikt for setrane i Stryn kommune.
● Setermiljøet på Nos/Bolstadsetra er ein viktig del av kulturhistoria. Men setra har vore svært lite besøkt i dei seinare åra på grunn av vanskeleg tilkomst.
● Det er registrert mange kulturminne i Glomsdalen som vitnar om at det vore aktivitet her langt tilbake i bronsealderen. Utgravingane i Mykjedalane på Hjelle viser at det var fastbuande som dyrka korn her for 3700 år sidan. Også i Erdalen er det gjort funn frå bronsealderen.
● På Nos er det registrert ein skålgopstein med 18 skålgoper. Steinen er kalla Huldresteinen. Skålgopene vart brukte i samband med ofring av blod, mjølk eller korn for å få lukke i jakt, lukke med buskapen eller avlinga.
● Det var truleg fastbuande på Nos før svartedauden. Segna om Torstein Nos vitnar om dette.
Tiltaket
● Bygging av ny gangbru med om lag 10 meter spenn og 0,8 meter breidde.
● Den ny brua er tenkt plassert på den same staden som den gamle hengjebrua. ● Konstruksjonen er i solid stål og bygd for å stå imot den sterke fonnvinden frå Utfalla.
● I samband med bygging av ny bru vil vi også rydde og utbetre stien på begge sider. I dag er tett skog der det før var ei tenleg rås. Mål og nytte
● Sikre trygg tilkomst til Nos/Bolstadsetra for å “blåse nytt liv” i setra.
● Binde saman beite- og jaktområda på begge sider av elva.
● Lette arbeidet med restaurering av dei gamle, verdfulle sela på Nos.
● Det er planar om å restaurere eitt av dei gamle steinsela på Nos. Dette vil bli som eit lite “museum” som fortel historia til setra.
● Leggje til rette for at allmenta kan bruke området trygt til friluftsliv og turliv.
● Ivareta og styrkje kulturlandskapet på Nos/Bolstadsetra. Organisering Indre Nordfjord Turlag (INT) og Oppstryn bygdeutviklingslag (OBUL) vil ståansvarleg for tiltaket.

- Kart forklart
Vedlegg 5 På tur i Oppstryn
Det er starta opp eit 3-årig prosjekt i regi av Oppstryn bygdeutviklingslag (OBUL) og Indre Nordfjord Turlag (INT). Målet er å rydde, merke, skilte og publisere dei mest aktuelle turrutene i Oppstryn. Vi legg også vekt på å formidle dei rike kulturminna som er registrerte i dalane våre.
Denne info-tavla er sett opp pålå finne fram til dei ulike turmåla på veggen på Segestad. Her kan bygdefolk og turistar lett finne fram til dei ulike turmåla i Glomsdalen.

Det er lenge sidan bøndene på Bolstad la ned seterdrifta, og i dag går det heller ikkje beitedyr på setra.
“Påtur i Oppstryn” tek sikte på å “blåse litt liv” att i setra. Ved å byggje denne brua, vert tilkomsten mykje lettare og tryggare.
Vi har i tillegg planar om å restaurere Larsselet på Nos. Dette vil vi innreie slik som selet ein gong var. I dag står berre murane att.
Vi vil også informere om seterdrifta i gamle dagar, skålgropsteinen (Huldresteinen) og segna om Torstein Nos m.m. Det var truleg fastbuande på Nos i tida før svartedauden.

GRUNNEIGARAVTALE
Bygging av ny bru til Nos/Bolstadsetra
Bygging av ny bru til Nos/Bolstadsetra
- 1. Partar - Grunneigarane påNos/Bolstadsetra - Tiltakshavar / ansvarleg søkjar: Oppstryn bygdeutviklingslag (OBUL) / Indre Nordfjord Turlag (INT)
- 2. Føremål Avtalen gjeld løyve frågrunneigarane til å Nos/Bolstadsetra.
- 3. Omfang oppføre og nytte ei ny bru over Glomsdøla for tilkomst til - Brua skal ha ei lengde på10 meter og breidde på0,8 meter. - Det skal vere minst ei grind påbrua. - Brua skal plasserast på same staden som den gamle hengjebrua. - Det skal leggjast til rette for trygg allmenn ferdsel.
- 4. Ansvar og kostnader - OBUL/INT stå r som ansvarleg søkjar overfor offentlege styresmakter, og tek ansvar for prosjektering, bygging og vedlikehald av brua. - OBUL/INT ber alle kostnader knytt til bygging og vedlikehald.
- 5. Varigheit Avtala gjeld så lenge brua stå r og er i bruk til føremå let. Dersom OBUL/INT ikkje lenger greier åstå ansvarleg for brua, skal grunneigarane kunne krevje åoverta brua vederlagsfritt.
- 6. Ferdsel - Brua skal vere open for allmenn ferdsel.
- 7. Vedlegg 1. Plassering av ny bru 2. Bilde som viser plassering av ny bru 3. Tilbod frå Stryvo 4. Teikning med mål på brua og lysopninga 5. På tur i Oppstryn
- 8. Underskrifter
- Vinn flaxlodd
Husk at om du sender inn tips til Strynavis kan du vinne flaxlodd .
Tips oss på e-post : tips@strynavis.no / - eller tlf : 46215234
Les meir her om du og vil vinne flaxlodd .

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no