Annonse
Underskriftskampanje var ikkje nok - Statens Vegvesen meinar det ikkje er grunnlag for gangfelt mellom Bø og Rise
Nyheiter
Publisert :
08.10.2025 13:50
Av Reidar Nesje
Publisert :
08.10.2025 13:50
Av Reidar Nesje
- Statens Vegvesen skriv følgande i søknaden som vart avslått
Avslag på søknad om etablering av gangfelt langs Riksveg 15 i Bø og Riise, Stryn kommune
Vi viser til e-post og underskriftskampanje om etablering av gangfelt over rv. 15 i Bø og Riise, Stryn kommune. I e-post er det argumentert med at når mjuke trafikkantar, særleg skuleborn, må krysse ein sterkt trafikkert riksveg utan tilrettelegging så medfører det ein reell risiko for liv og helse. Det vert og vist til at ønske om gangfelt tidlegare har blitt avslått, men at det har vore ein tydeleg vekst dei siste åra.
Tilbakemelding frå Statens vegvesen:
Vi innleiar vår tilbakemelding med å informere om trafikkale data på strekninga der det er ønske om gangfelt:

- - Årsdøgntrafikk 3770.
- - Kryssande i makstimen, den timen på døgnet da det er mest trafikk på vegen, er ikkje over 20 kryssande. Reknar ein med at det er 1 person pr. bustad som kryssar rv. 15 i makstimen utgjer dette 13 kryssingar.
- - Skilta fartsgrense på strekninga er 60 km/t. Fartsmålingar viser at 85-fraktilen i begge retningar er 63 km/t. Dette betyr at 85% av dei køyrande har eit fartsnivå under 63 km/t. Gjennomsnittsfarten i begge retningar er målt til 56,9 km/t.
Vilkår og retningslinjer for etablering av gangfelt er vist til i Handbok V127 Kryssingssteder for gående. Handboka peikar på at gangfelt i hovudsak er eit framkomelegheitstiltak og ikkje eit trafikksikkerheitstiltak.
I V127 kap. 2 vurdering av kryssingssteder er det i tabell 2.1 vist anbefalingar for nye og eksisterande gangfelt. Trafikkale data viser at strekninga på rv. 15, der det er ønskje om å etablere gangfelt, ikkje tilfredsstiller kriteria for å etablere nytt gangfelt.

- Kart forklart
Bilde : Statens Vegvesen / - Skjermbilde
Utklippet over viser at det er tre avkøyrsler, markert med raud sirkel i grøn ellipse, frå bustadområde på sørsida av rv. 15. Avkøyrsler er normalt utgangspunktet for kvar gåande vel å krysse over vegen. Ved etablering av eit kryssingspunkt ved ei av desse avkøyrslene vil det framleis, grunna manglande gangsamband mellom eksisterande avkøyrsler, sannsynlegvis vere nokon som vil krysse over vegen frå «si» avkøyrsle. Køyrande forventar ikkje at nokon vil krysse over vegen på andre stader enn der det er tilrettelagt for kryssing, noko som vil bidra til auka risiko for ulykker mellom kryssande og køyrande. Vegvesenet rår til at dei som soknar til dei tre nemnde avkøyrslene kontaktar kommunen for å få i gang eit planarbeid for å samle dei avkøyrslene til ei felles avkøyrsle og eit tilrettelagt kryssingspunkt* for gåande som soknar til desse avkøyrslene.
*Tilrettelagt kryssingspunkt er eit tilbod til gåande der det ikkje er tilrådeleg med gangfelt. Køyrande har ikkje vikeplikt, men det gjer at gåande kan krysse over vegen på same punktet og dermed kome mindre overraskande på andre trafikkantar. Normalt vil det ved tilrettelagt kryssingspunkt også vere montert forsterka veglys som framhevar dei som skal krysse i dette punktet for dei køyrande.
Vidare viser vi til vår uttale til offentleg ettersyn av områdereguleringsplan Stryn sentrum (vårt dok. nr. 21/90676-2) der vi skreiv følgjande: Ved fortetting/utbygging av arealet vidare austover mot Riise bru, må det stillast krav om tilrettelegging for mjuke trafikkantar med eit avgrensa tal på gode kryssingspunkt til eksisterande GSV på nordsida av rv.15. Tilrettelegging for mjuke trafikkantar kan t.d. vere å knyte saman byggeområda med parallellført samleveg med eit fåtal vegkryss til rv.15. Vi oppmodar å jobbe vidare med dette for å oppnå god trafikktryggleik.
Oppsummert:
Vi viser til V217 sine tilrådingar til etablering av gangfelt. Basert på desse avslår vi søknaden om etablering av gangfelt. Vår vurdering er også at eit gangfelt vil auke risiko for at kryssande som vel å krysse rv. 15 på andre stader enn i gangfeltet kan kome overraskande på køyrande og dermed auke risiko for trafikkulykker. 3 Vi tilrår eit arbeid der ein ser på moglegheita for etablering av køyrbar gang og sykkelveg som samlar avkøyrslar til ei felles avkøyrsle. I tilknyting til dette bør det også planleggast eit tilrettelagt kryssingspunkt for mjuke trafikkantar.

- Vinn flaxlodd
Husk at om du sender inn tips til Strynavis kan du vinne flaxlodd .
Tips oss på e-post : tips@strynavis.no / - eller tlf : 46215234
Les meir her om du og vil vinne flaxlodd .

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no