Annonse
Søppelet flaut over ved containerane ved Stryn skisenter - Kommunedirektøren reiste sjølv opp onsdag og rydda opp ilag med 2 andre tilsette i Stryn kommune
Nyheiter
Publisert :
25.07.2024 01:25
Av Reidar Nesje
Publisert :
25.07.2024 01:25
Av Reidar Nesje
At det har vore mykje skriverier om søppelet som oppstår ved containerane på Stryn skisenter er ikkje til å stikke under ein stol . Siste kapittel er nok ikkje skrive om søppelet som flyt over både her og der , og endå til er der og plass i containerane .
På facebook og på Stryn kommune sine nettsider har no kommunedirektør Jon B. Nesje skrive eit innlegg om " søppel som flyt " og kjem no meir eller mindre om ei oppmoding og ein beskjed om at vi alle må ta eit ansvar om at det her ikkje skjer igjen .
Han skriv følgande :
Søppel som flyt
Vi fekk i dag nye meldingar om at søppelet flyt ved containerane på Stryn skisenter. Vi reiste umiddelbart opp tre tilsette for å rydde. Underteikna deltok både for å hjelpe til, då vi har begrensa kapasitet til slik type jobb, og samtidig sjå kva som skjer.
Det var kapasitet i containerane, men det var likevel plassert søppelsekkar med matavfall, kartongar, metalboksar og flasker både oppå og ikkje minst ved sida av containerane. Nokre stadar såg det ut som søppelposar berre var kasta inn på området. Fleire av sekkane var store. Containerane er berekna til hytterenovasjon og hushaldningsavfall. Alt anna avfall skal leverast på Miljøstasjonen.
Den tida vi var der kom det fleire som ville levere avfall av ulikt slag. Eg tok ein prat og fleire av dei leigde hytter i hyttefelta gjennom air B&B eller andre bookingsider. Eg har forstått at det er relativt mange som leiger ut hytta si. Vi ser også at mykje av avfallet som vi rydda var av utanlandsk opphav.
De som leiger ut må sjølve ta ansvar for at avfallet vert levert der det skal eller at dei som klargjer hytta etter utleige leverer det der det skal - inne i containerane. Normalt produserer turistar meir avfall enn de som er hytteigarar. Dersom containerane nærmar seg fulle, må det gje beskjed til NOMIL eller Stryn kommune.
Eg har også snakka med NOMIL i dag om ulike tiltak som mellom anna type container, frekvens på tømming med meir. Dette vil NOMIL vurdere, men alle tiltaka vil medføre kostnadsauke som må belastast etter sjølvkostmodell på abonnentane i hyttefeltet.
På lengre sikt jobber vi med å etablere ei ny løysing for hytterenovasjonen i området.
Bilda viser korleis vi ikkje vil ha det i Stryn, og korleis det vart etter oppryddinga. Vi må alle ta eit ansvar for at dette ikkje skjer igjen. Det er veldig trist å sjå at beitande sauer får i seg saker og ting som dei ikkje skal i seg. Det er også svært trasig å måtte rydde opp etter slurv.
Jon B. Nesje
Kommunedirektør

- På facebook er der og fleire som kommenterar søppelet
Kommentar 1 : Eg gjekk tur forbi desse containerane ein dag, og observerte at ein bil med turistar kom og slang rundt seg med søppel. Nokon posar blei kasta på bakken rundt containerane, og nokon blei slengt oppå. Containerane var ikkje fulle, det var plass til alt søppelet deira inni då dei fekk beskjed om å rydde opp.
Kommentar 2 : Eg har ikkje hytte.
Men om det er hytteeigarar som leiger ut og driv Airbnb må dei informere om korleis søppelet skal handterast. Det er uforståeleg om det er hytte eigarane sjølve som er so " bak mål" ang. søppel.
Uansett er dette dårleg adferd, og det er viktig med informasjon og kommunikasjon!
Kommentar 3 : Har hytte i Hydla og sett søppel slengt utover rett som det er uten at containerane er fulle. Har knapt sett makan til slendrian. Til dels stinkande søppel og sauer som drar dette vidare utover. Har tatt ein ryddeaksjon i ny og ne.
Heime i Telemark, om ikkje alt er perfekt så er her ein høgare standard rundt containerane for hyttesøppel. Årsaken kan være at containerane er merka med store skilt med teksten:" Det er ulovlig å plassere avfall ved containeren". Oppfordrar Stryn kommune / Nomil til å merke containerar på liknande måte. Gjerne også med undertekst: Overtredelse blir anmeldt.

- Eit trist syn
- Søppel som flyt
- Rydda opp
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no