|
Annonse
|
|
Bli med opp Grandøla i Oppstryn
Nyheiter
Publisert :
20.07.2020 14:30
Av Reidar Nesje
Publisert :
20.07.2020 14:30
Av Reidar Nesje
49 år gamle Jo Grini ifrå Valdres har filma ein spektakulær video i Oppstryn . Her kan du bli med som passasjer i videoen opp og ned Grandøla og Grandølsgjølet i Oppstryn . Reisa startar ved gamle Hjelle tunellen og her har sikkert Hjelleuksen komt med som navn på videoen . Men ved nærmare augekast so kan ein sjå at ein står ved Grande ( begynnelsen av Erdalen ) og går opp ved Grandøla , høgt til fjells .
Jo Grini er 49 år og kjem ifrå Valdres . Han fortel at han har funne seg ei dame ifrå Sætre i Stryn og soleis blir feriane ofte brukt og tilholdt her .
Han har lang erfaring med modell fly og har flydd sidan han var 12 år gammal . Han innehar heile 22 NM gull , 4 nordiske og nokre plasseringar i EM / VM seglfly . Han har dreve med luftfoto sidan 1999 , og har og vært med på droneutviklinga som starta tilbake i 2009 . Den gongen var det ikkje store greiene sammenlikna med idag , fortel han . |
Saka fortsette under annonsa
Annonse
Strynavis kom over videoane til Jo Grini på youtube og dei var ganske spektakulære . Vi tok kontakt og har fått lov til å dele videoane med dykk som vil sjå . Her snakkar vi om kontroll og rett og slett makalaus flyging .
Vi startar ved gamle Hjelle tunellen og går straks rett etter opp Grandøla og Grandølsgjølet i Oppstryn i full fart , og ein ser landskapet ifrå ein vinkel som ein neppe har sett før eller etter kanskje .
Sjå video under
Vi startar ved gamle Hjelle tunellen og går straks rett etter opp Grandøla og Grandølsgjølet i Oppstryn i full fart , og ein ser landskapet ifrå ein vinkel som ein neppe har sett før eller etter kanskje .
Sjå video under
Video ifrå Oppstryn og Grandøla av Jo Grini
Del denne saken på facebook :
|