Annonse
Sjå kva som skjuler seg utanfor Hjelle tunnelen i Oppstryn
Nyheiter
Publisert :
17.04.2021 10:07
Av Reidar Nesje
Publisert :
17.04.2021 10:07
Av Reidar Nesje
Tidligare var det heilt normalt og akseptert å bli kvitt gamle bilvrak ved å dumpe dei i vatnet . Til og med i Hornindal vart det annonsert at innbyggarane kunne henvende seg til teknisk kontor , i regi Hornindal kommune , for å bli kvitt gamle bilvrak som skulle dumpast i Hornindals vatnet . Den annonsa var satt inn i avisa i 1977 , men satt inn i historisk sammenheng er det ikkje so mange år sidan .
Mottoet før i tida var tydeligvis , " Ute av syne , ute av sinn " .
- I Oppstryn var det og ein slik plass dei dumpa bilane sine
Ja her i Oppstryn var det fleire plassa dei dumpa bilane sine når dei skulle bli kvitt dei . Ein av dei plassane som kanskje var mest populær var utanfor Hjelle tunnelen i Oppstryn . Her er det usikkert kor mange bilvrak som ligg på vatnets bunn , men nokon snakkar om iallfall 40-50 bilvrak .
Kenneth Sølvberg som er busett i Olden har vore utanfor tunnelen med ei undervannsdrone . Ei slik drone fungerar som ein liten mini-ubåt som ein styrer og kontrollerer ifrå land . Her kan ein gjere opptak , både med video og bilde .
I videoen er der , som ein kan sjå , fleire vrakdelar og bilar som ligg strødd på botnen . Dette er berre ein liten del av området som er blitt filma , og soleis syner berre litt av omfanget .
Opptaka vart gjort den 11.april.2021 og er då under ei veke gammalt .

- Sjå video her ( lengde 3 minutt )
Video : Kenneth Sølvberg
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234