Annonse
Tunoldsteinen på garden Tunold i Oppstryn
Nyheiter
Publisert :
02.09.2020 11:05
Av Reidar Nesje
Publisert :
02.09.2020 11:05
Av Reidar Nesje
I Oppstryn på garden Tunold er der mykje historie å finne og som er nedskreve i fleire bøker . Eit levande bevis er Tunoldsteinen som står som eit monument og som ein finn øverst på garden . Merkelig nok hadde ikkje underteikna høyrt eit ord om denne steinen men kom over historia med lesning i Aalands boka av Jacob Aaland hausten 2019 .

Steinen er ein fallosstein og ordet kjem ifrå gresk " Phallos " som betyr erigrert penis . Om ein ser på steinen er det ikkje vanskelig å forstå at der er ein viss likheit , for dei som skjønar .
Steinen har nok på eit tidspunkt blitt flytta til noverande plassering . For på eit bilde ifrå 1930 i Jacob Aaland si bygdebok som kom ut i 1932 stod steinen fritt på dyrka mark , og ingen store tred i nærleiken eller ei steinhelle som står der idag .

Mirakel eigenskap ?
På folkemunne seier dei at denne steinen har ein eigenskap som kan hjelpe dei som har vanskelighetar med å få barn . Oppskrifta var som følger , om den skulle ha noko effekt , at kvinnene måtte sette seg nakne oppå steinen ved midnatt . Det skulle tydeligvis hjelpe på fruktbarheita .
PS ! Underteikna kunne ikkje dy seg og satte seg på steinen med tanke på at den kan ha andre helande eigenskapar ( kven veit ) ?
PS ! Underteikna kunne ikkje dy seg og satte seg på steinen med tanke på at den kan ha andre helande eigenskapar ( kven veit ) ?
|
Kjelder som vart brukt i denne saka :
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn, Bind I-II. Sandane, utgj.av ei nemnd. |
Del denne saka på facebook :
|
Annonse |