Annonse
Fekk avvik etter skjenkekontroll - No har dei svart
Nyheiter
Publisert :
27.10.2022 15:15
Av Reidar Nesje
Publisert :
27.10.2022 15:15
Av Reidar Nesje
- Avvik på punkt nr 8
På punkt nr 8 til skjenkekontrollen som omhandlar skjenking til mindreårige er følgande punktet beskrevet slik :
- Påses det at mindreårige ikke drikker alkohol som skjenkes andre? Jfr forskriftens § 4-3
Svaret ifrå skjenkekontrollen var blant anna : Nei (En vakt ved skjenkestedet opplyste om at det var et system for å skille mellom glass med gruppe to og gruppe tre innhold. Glass med gruppe to var runde og gruppe tre var kantete.
- Svar ifrå Isehaug Kafeteria / Johans Pub
Uttale til skjenkekontroll.
Eg viser til skjenkekontroll på Johan’s Pub, laurdag 8/10-22.
Som nemt i rapporten, brukar vi forskjellig glas til dei forskjellige drinkane (18/20-års).
Denne kvelden gjekk vi på eit tidspunkt tome for glas til 18-årsdrinkane, så det vart nytta same type glas til begge gruppene.
Dette er sjølvsagt svært uheldig, og meir glas av alle slag er kjøpt inn for å unngå dette i framtida.
Vi har ein praksis på at dei som er over 20 år, får eit stempel ved inngang. Dette for å skilje dei over/under 20 år. Bartender sjekker dei som kjøper klasse 3 drikke at dei har dette stempelet.
Eg vil likevel få påpeike at verken personalet eller skjenkekontroll veit med sikkerheit kva type alkohol som i dette tilfellet var i dei kontrollerte glasa, då begge typar i periodar vart servert i same type glas.
Eg vil òg få be om at dersom avvik vert avdekka, må vi få vite personalia på personane det gjeld.
Då har vi høve til å utestenge og evt. politianmelde dei som evt. kjøper til underårige (det er faktisk langing), samt utestenge dei under 20 år som drikk dette.
Dette vil ha ein prevantiv effekt.
Eg er smerteleg klar over at vi gjer det svært vanskeleg for oss sjølve, når vi har 18-årsgrense der det òg vert servert drinkar med 20-års aldersgrense.
-Men eg vil påstå at vi har og har hatt god kontroll på dette.
Det enklaste for oss hadde sjølvsagt vore å innføre permanent 20-årsgrense, sånn som dei andre utestadane i Stryn praktiserer, men då vil dei som er under 20 år ikkje lenger ha eit tilbod i bygda.
Vi er veldig opptekne av at alle skal ha eit tilbod, ikkje minst dei mellom 18 og 20 år. Eg er svært uroa over tanken om at alle ungdomane som då er mellom 18 og 20 år skal måtte setje seg i ein bil og køyre utanbygds for å kunne sleppe inn på ein utestad. Spesielt om vinteren då vegforholda kan være utfordrande.
Vi voner på forståing for at det kan være vanskeleg for vaktene å ha fullstendig kontroll på kva type glas gjestene drikk av, når svært mange gjester er samla.
Vi har difor bede om eit møte med Helse og Sosialsjefen i kommunen, for å diskutere utfordringane rundt dette.

Las ikkje du saka om skjenkekontrollen under Strynemessa helga ? Les den ved å trykke her
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no