Annonse
Stryn kommune stansa pågåande arbeid ved YX i Stryn
Nyheiter
Publisert :
05.10.2021 12:45
Av Reidar Nesje
Publisert :
05.10.2021 12:45
Av Reidar Nesje
I eit brev til Fagre Stryn Bensinstasjon AS ifrå Stryn kommune forklarar dei kvifor dei stansa alt pågåande arbeid etter ei synfaring som vart gjort fredag 24.september .
Dei skriv følgande i brevet :
Vedkomande arbeid på gbnr. 45/25
Viser til synfaring fredag 24.09.21, der tiltakshavar vart bedt om å stanse pågåande arbeid. Grunnen til dette er at kommunen ikkje har handsama søknad om løyve til tiltak, då søknaden ikkje er komplett. Det var òg uklart kva tiltak som var oppstarta.
Slik kommunen oppfattar saka, basert på dialog på staden, dreier det seg om to ulike tiltak: Etablering av ladestasjon og trafokiosk i sør av eigedomen, og flytting av prismast/skilt frå sør til nord på eigedomen.
Det var observert at terrengarbeid allereie er oppstarta i nord på eigedomen, der det m.a. var fyllt ut med massar i skråninga, støypt fundament og lagt opp trekkerør for straum til skilt.
Ladestasjon og trafo:
I møte i formannskapet 09.09.21, sak FO-151/21, vart det teke stilling til klage på avslag på søknad om dispensasjon i samband med etablering av el-ladestasjon og trafokiosk. Klaga vart teken til følgje, og det vart såleis gjeve dispensasjon frå føremål i plan.
I e-post frå Aaland Arkitektkontor datert 23.06.21, står det m.a.: Plassering av trafoen er i samråd med Vestland fylkeskommune som også opplyste på telefon at det ikke var nødvendig at vi søkte om dispensasjon fra byggegrense mot vei.
I dette tilfellet er byggegrense innteikna i reguleringsplanen, og det er såleis Stryn kommune som planmynde som skal ta stilling til dispensasjon frå byggegrensa. Vestland fylkeskommune er såleis berre ein høyringspart i saka. Stryn kommune har ikkje motteke søknad om dispensasjon frå byggegrensa. Søknad om dispensasjon skal grunngjevast, jf. PBL. § 19-1.
Vidare skriv Aaland Arkitektkontor: Søknaden for selve ladestasjonen (bortsett fra dispensasjonen) håndteres av Recharge og blir sendt inn senere.
Stryn kommune har heller ikkje motteke søknad om ladestasjon. Vi er kjent med at det i rundskriv H4/21 m.a. står at søknadsplikt i samband med etablering av ladestasjon må vurderast utifrå omfang. I dette tilfellet har ikkje kommunen noko grunnlag for å kunne vurdere omfanget, då ein ikkje har fått tilsendt naudsynt dokumentasjon.
Vi registrerer likevel at det er fleire mindre tiltak som skal gjennomførast på eigedomen, og gjer merksam på at fleire mindre tiltak samla kan utløyse søknadsplikt.

- saka fortset under annonsen
Annonse
- Alt arbeid må stansast fram til det ligg føre løyve til tiltak
Skilt/prismast:
Arbeid i nord av eigedomen (fundament til skilt og massar i skråning) er ikkje heller ikkje i tråd med plan. Dette hjørnet av eigedomen er avsett til grønnstruktur, der det kun er opna for enkle tilretteleggingstiltak for friluftsliv. Tiltaket krev såleis også dispensasjon frå føremål og byggegrense.
Kommunen må også få tilsendt søknad om løyve til tiltak. Tiltaket må også nabovarslast då dette ikkje tidlegare er gjort, og det skal kome fram av nabovarselet at tiltaket krev dispensasjon. Eigedomen ligg i aktsemdsområde for kvikkleire, og vi viser til rettleiar nr. 1/2019 Sikkerhet mot kvikkleireskred. I følgje rettleiaren må det ikkje fyllast massar ut på toppen av skråning utan at det er gjennomført geoteknisk vurdering.
Vi ber om at det vedlagt søknad om dispensasjon følgjer snitt som syner eksisterande og framtidig terreng, samt situasjonsplan som syner avstand frå planlagt skråningsfot/mur til gangveg i vest og nabogrense til gbnr. 45/18.
Alt arbeid må stansast fram til det ligg føre løyve til tiltak.
Helsing Stryn kommune, avdeling byggesak og regulering

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no