Annonse
Spekkhoggarar dukkka opp i Loen fredag - Eit heller uvanlig men fasinerande syn
Nyheiter
Publisert :
01.12.2025 12:37
Av Reidar Nesje
Publisert :
01.12.2025 12:37
Av Reidar Nesje
- Trudde først det var ubåt
Underteikna , som var på veg heim ifrå jobb fredag ifrå Loen , er alltid årvåken og ser på mange måtar etter noko som skiller seg ut . Når ein nærma seg grendahuset på Rake so legg eg merke til eit stort " speriskop " som oftast blir brukt på ubåtar . Første tanken er at " Russarane " har komt inn fjorden , den andre tanken er at det kan være ei logisk forklaring !
Ein ankra so opp bilen på parkeringa ved grendahuset og drar og halar ut kameraet som alltid er med i bilen , og ganske so riktig var det ikkje ein ubåt men ei logisk forklaring . Spekkhoggarar hadde komt inn fjorden og " speriskopet " var den store finnen som spekkhoggarane har og som stikk opp og er godt synlig .

- Sjå video her
Video og redigering : Reidar Nesje / - www.strynavis.no
( Om ikkje videoen utvidar seg automatisk so trykker ein på pil symbolet i videoen for å utvide til full størrelse . )
- Fleire tok bilder
På eit tidspunkt hadde spekkhoggarane retning imot Loen ifrå Rake . Underteikna kjøyrde då imot oppkjøyrsla til Oppheim . Her kunne ein og sjå fleire skuelystne som stod oppstilt langs vegen med kamera og filma og tok bilder .
Spekkhoggarane hadde so snudd og satt retning igjen imot Rake og grendahuset . Når ein kom tilbake der var der og ein annan kar med kamera som tok bilder . Jomar Håskjold ifrå Ørsta var på veg til julebord i Loen og han hadde og oppdaga spekkhoggarane . Han tok nokre gode bilder som ein er so heldig å få vise dykk .

- Ikkje optimale forhold for foto
Når ein skal ta bilder eller video so er det viktig at forholda ligg til rette for det . Den her fredagen var kanskje ein av dei dårligaste når det gjeld det , sjølv om ein greide å få tatt nokre bilder og video . Heldigvis . Det regna ustanselig og det var reint ufyselig . Kamera skal heller ikkje få so mykje vatn på seg før det kan ødelegge kameraet .
Men det her var eit unntak og her måtte ein berre forevige skapningane som ein sjelden ser her .
Men det her var eit unntak og her måtte ein berre forevige skapningane som ein sjelden ser her .
Husk at om du sender inn tips til Strynavis kan du vinne flaxlodd .
Tips oss på e-post : tips@strynavis.no / - eller tlf : 46215234
Les meir her om du og vil vinne flaxlodd .
Tips oss på e-post : tips@strynavis.no / - eller tlf : 46215234
Les meir her om du og vil vinne flaxlodd .
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no