Annonse
Storebror Tarjei Bø med sølv på jaktstarten idag
Nyheiter
Publisert :
13.02.2022 14:50
Av Reidar Nesje
Publisert :
13.02.2022 14:50
Av Reidar Nesje
- Bronse igår , sølv idag
Tarjei Bø tok ein sterk andreplass og sølv på dagens jaktstart i skiskyting i OL . Han var 28,60 sekund bak vinnaren franske Quentin Fillon Maillet . Tarjei Bø hadde 1 bom på dagens 20 blinkar mens franskmannen greide 20 av 20 .
Russaren Eduard Latypov som Tarjei kriga litt med om sølv eller bronse endte 6,7 sekund bak Tarjei Bø og 35.30 bak vinnaren .
Russaren Eduard Latypov som Tarjei kriga litt med om sølv eller bronse endte 6,7 sekund bak Tarjei Bø og 35.30 bak vinnaren .
- Johannes gira han opp
Utifrå siste skyting fekk Tarjei Bø oppmuntrande ord ifrå Johannes som måtte ut i strafferunden . Dei gjekk likt utifrå standplass og då sa Johannes til Tarjei " at denne her tar du " . Det gav han både motivasjon og energi etter 1 bom og gira seg opp og tok igjen russaren som var foran han etter skytinga . Russaren vart henvist til tredjeplass men franskmannen som skaut feilfritt var det ingenting å gjere noke med . Vi Gratulerar med eit sølv på dagens jaktstart til Tarjei Bø .
- Johannes med 7 bom
Det var desverre ikkje optimale skyteforhold idag for alle . På den nest siste skytinga leda Johannes foran franskmannen som jaga ledande Thingnes Bø . Men idet han kjem innpå standplass på den tredje skytinga var det nærmast orkan for Stryningen og det endte med 3 bom . Med 2 bom på den andre skytinga og 2 bom på den siste skytinga vart det for tøft sjølv for lokomotivet ifrå Stryn . Med 7 strafferunder totalt var han heile 2 minutt og 13 sekund bak franskmannen og endte på ein 5 plass .
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no