Annonse
Sjå starten av Skåla opp 2008
Nyheiter
Publisert :
24.08.2020 18:29
Av Reidar Nesje
Publisert :
24.08.2020 18:29
Av Reidar Nesje
Trykk på bildet / play knappen under for å starte videoen
Skåla opp 2020 i Loen vart i år kansellert på grunn av corona og at myndigheitene ikkje tillater å ha store idrettsarrangement .
I ei pressemelding seier arrangøren at dei er skuffa over å ikkje få lov til å arrangere årets motbakkefestløp i Loen , samtidig som dei har full forståing og støttar avgjerda til myndigheitene .
I ei pressemelding seier arrangøren at dei er skuffa over å ikkje få lov til å arrangere årets motbakkefestløp i Loen , samtidig som dei har full forståing og støttar avgjerda til myndigheitene .
Strynavis var på plass i 2008 då sjølvaste Oddvar Auflem stod på startstreken med startpistol og skulle starte årets løp .
Datoen var 16.august og det var eit flott solskinn og god stemning på startpunktet for Skåla Opp . Skåla opp vart første gong arrangert i 2002 . Der er ein konkurranse klasse og ein mosjons klasse . Dei første åra var Adidas hovedsponsor , men den rolla er sidan overtekjen av La Sportiva . Løpet startar ved Tjugen , eit steinkast ifrå campingen , 28 moh , og målet er Skåla tårnet som ligg på toppen av fjellet , 1843 moh . Neste års Skåla Opp er satt til 14.august . 2021 , så sett av datoen til ein kjær folkefest i Loen . |
Saka fortsetter under
Annonse
Skåla opp 2008 hadde som vanlig eit sterkt felt av motbakke løparara og godt trente løpera . Nærmast på bildet til høgre kan ein skimte Jon Tvedt som satte rekord i 2007 med tida , 1:08:39 ( 1 time , 8 minutt og 39 sekund ) .
Midt i bildet i rødt kan ein skimte vinnaren av Skåla Opp 2008 som vart Jonathan Wyatt ifrå New Zealand . Han sprang på tida 1:08:42 , ( 1 time , 8 minutt og 42 sekund ) . Jon Tvedt vart klokka inn på 1:08:56 , kun 14 sekund bak vinnaren . Jon Tvedt døydde på tragisk vis under ein treningstur med sin bror og en kamerat på Gullfjellet ved Bergen , 11.januar , 2009 . I dame klassen vart vinnaren Anita Håkenstad Evertsen som sprang inn til tida , 1:20:06 ( 1 time , 20 minutt og 6 sekund ) . |
Del denne saka på facebook :
|
Annonse |
Annonse