Annonse
Ville etablere ei mindre sjølvbetjent salsbod på Skåre - Statens vegvesen gir ikkje dispensasjon ifrå byggjegrensa
Nyheiter
Publisert :
09.02.2024 13:45
Av Reidar Nesje
Publisert :
09.02.2024 13:45
Av Reidar Nesje
I eit brev datert 31.01.2024 søkte Torheim gard ved Mark og Nina Watkins om dispensasjon frå byggegrense langs rv. 15 ved g/bnr. 15/4, Skåre i Stryn kommune. Planen var å kunne sette opp ei mindre sjølvbetjent salsbod på Skåre .
No har Statens vegvesen komt med sitt svar :
Avslag på søknad om dispensasjon frå byggegrense langs rv. 15 ved g/bnr. 15/4, Skåre i Stryn kommune.
Vi viser til dykkar søknad datert 31.01.2024.
Vedtak
Med heimel i veglova avslår vi søknaden om dispensasjon frå byggjegrensa mot rv. 15 for å etablere mindre sjølvbetjent salsbod til gardsprodukt på gnr.15 bnr.4 i Stryn kommune.
Grunngiving for vedtaket
Byggjegrensene skal ta vare på trafikktryggleiken, vedlikehaldet og drifta av vegnettet, det framtidige arealbehovet ved ei eventuell utviding av vegen, og miljøet på eigedommane langs vegen.
I denne saka har vi vurdert plassering av bod til å vere eit element som tar køyrande si merksemd vekk frå trafikkane. Statens vegvesen er eigar av arealet der salsbod er planlagt. Vegvesenet nyttar arealet til snøopplager, snuplass for brøytebil og køyrande som må snu grunna at rv. 15 er stengt på Strynefjellet. Arealet vert også nytta av Statens vegvesen ved kontroll av køyretøy.
På bakgrunn av dette har vi komme fram til at vi må avslå søknaden om dispensasjon frå byggjegrensa.
Vi tilrår søkar om å finne ein utsalsplass på eigen grunn, helst nede ved garden eller på areal som er regulert til næring.
Klage
Du kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova §§ 28-36. Fristen for å klage er tre veker frå du har fått vedtaket. Klageinstansen er Vegdirektoratet .

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no