Annonse
Stryningar på reinsdyrjakt i Skjåk fekk sjå jerv på nært hald
Nyheiter
Publisert :
07.09.2021 16:15
Av Reidar Nesje
Publisert :
07.09.2021 16:15
Av Reidar Nesje
Torsdag 02.september var underteikna , Reidar Nesje , og storebror Oddbjørn Nesje på reinsdyrjakt i Skjåk . Vi gjekk opp ved Heillstuguvatnet som ligg ved Gamle Strynefjellsvegen og tok turen til " Måradalsbenkjene " som gir oss god oversikt inn til Måradalen for å sjå etter reinsdyr .
Vi såg ingen reinsdyr på turen , men vi skulle få sjå eit heilt anna dyr som ein sjeldan ser eller kjem over . Plutselig bryt min bror inn at han ser ein jerv , ikkje langt ifrå oss . Eg kunne ikkje sjå den mens min bror prøvde å forklare kvar den stod , so såg eg den . Eit beist av ein jerv som " vimsa " på ein kul som berre ein jerv kan . Tøft tenkte eg , og etter ein 5 sekund underhaldande sekvens vart den vekk .
Vi gjekk vidare og hadde oss ein pause der vi åt litt mat og speida etter rein , ovanfor Åfottjønnane som ligg lenger aust for Måradalen . Etter at klokka tikka meir imot 1900 og vi ikkje hadde sett nokon reinsdyr var det påtide å kunne gå nedigjen til lavlandet ifrå høgda .
Det var nedanfor nevnte Åfottjønnane som ligg på rundt 1277 moh vi skulle få sjå jerven igjen , og ikkje berre 1 jerv , men 2 jervar . Først dukka det opp ein liten jerv som var ganske lys og ikkje heilt enkelt å få auge på . Eg vil anta at avstanden til jerven ifrå der vi stod var kanskje 60-70 meter . Den forsvant ganske kjapt imot aust , men synet var ganske spennande i seg sjølv .
Rundt 2 min etter den lyse jerven forsvant var det nesten som eg skvatt når eg såg den store svarte jerven stod i råsa nedanfor Åfottjønnane . Den var so stor som ein fullvaksen hond og ein god del større enn den første . Det vart ein liten mobil sekvens for å filme beistet som tilsynelatande ikkje hadde sett eller oppdaga oss der vi stod . Sjå filmen under .

Sjå video her - Trykk midt i bildet for å starte videoen
Video : Reidar Nesje
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no