|
Annonse
|
|
Dra på rammejakt i regi Norges Bondelag
Nyheiter
Publisert :
17.07.2020 14:35
Av Reidar Nesje
Publisert :
17.07.2020 14:35
Av Reidar Nesje
Strynavis publiserte nylig ei sak om mulig ein ny attraksjon i sommar ved Nesje i Oppstryn . Vi har no fått klarheit i kva denne ramma representerar og kva bodskap den skal ha . Det er Norges Bondelag som står bak ramma og det er alle bondelag rundt om i Norges land som setter opp desse rammene .
Strynavis var i Oppstryn og prata med leiar i Oppstryn bondelag , Mathilde Dolen Nesje , som egenhendig har satt opp ramma ved Oppstryns vatnet . I tillegg til å være leiar i Oppstryn Bondelag er ho også 3.vara i fylkesstyret til Sogn Og Fjordane Bondelag .
Strynavis var i Oppstryn og prata med leiar i Oppstryn bondelag , Mathilde Dolen Nesje , som egenhendig har satt opp ramma ved Oppstryns vatnet . I tillegg til å være leiar i Oppstryn Bondelag er ho også 3.vara i fylkesstyret til Sogn Og Fjordane Bondelag .
Saka fortsette under annonsa
Annonse
Ho fortel om fokuset dei har på kampanjen med å vise kor viktig bonden er for landskapet , og til dømes med at uten beitedyr gror landskapet igjen . Det er ein landsomfattande kampanje i regi av Norges Bondelag , for å gjere turistane oppmerksomme på at bonden vedlikeheld kulturlandskapet .
Det står heimesnekra rammer rundt om i heile landet , alle skal ha meldt inn GPS - koordinatar for ramma og dei er , eller skal være lagt inn inn på heimesida til Norges Bondelag .
Om ein går inn på instagram og søke opp hashtaggen #komhit vil du få opp fleire lokasjonar for rammer .
|
I tillegg til fokuset på kampanjen har ho og ein viktig bodskap til alle som kan tenke seg å kvitte seg med ein boks av metall som kan havne i magen på eit dyr som leve av det bonden forar dei med .
Ein kan berre tenke seg den smertefulle lidinga til eit dyr som kan få i seg oppkutta metall bita i graset som blir slått på sommaren og gitt til glade friske dyr på bås . Det vil sannsynligvis ende med livet og det er du som kasta den boksen som vil få det livet på din samvittighet .
So vær smart og ta med deg den boksen og pant den i panteautomaten på butikken eller der dei tar imot pant .
|
Her er og ei påminning om båndtvangen som gjeld for heile sommaren , med mange dyr på beite i skog og mark er det spessielt viktig å være føre var med å halde hunden i band .
Båndtvangen gjeld ifrå 1.april til 20.august og er lovbestemt . Det skjer stadig vekk dyre tragedier som kunne vært unngått og ein kan berre tenke seg den smerten og fortvilelsen til bonden når ein ser dyr ein har blitt glad i er blitt jaga og bitt til døden av hund . |
Saka fortsetter under annonsa
Annonse
Del denne saken på facebook :
|