Annonse
Flittig besøk av piggsvin midt i Stryn sentrum - Strynavis tok turen og foreviga både bilder og video av besøket
Nyheiter
Publisert :
30.09.2024 16:15
Av Reidar Nesje
Publisert :
30.09.2024 16:15
Av Reidar Nesje
I haust fekk eg beskjed om at Kjellaug Svardal hadde hyppige besøk av piggsvin i hagen . Ho hadde begynt å gje dei både mat og vatn , noko som tydeligvis falt i smak med fleire piggsvin . Ho fortel at på det meste har det vore opptil 3 piggsvin i gongen .
Det eine piggsvinet er tydeligvis på besøk kvar kveld , og piggsvinet veit kor det skal når det målretta går rett på matfatet med Kjellaug som bur rett ved " Gamlebrua " i Stryn sentrum .
Når eg kjem på kvelden rundt 1930 fortel ho at det er kanskje litt tidlig og at vi kan sette oss inn i stova og vente . Her viser og syner ho meg korleis ho har eit godt auge til matfatet som ho ser på ut stoveglaset ifrå godstolen .
Mens vi ser på Vestlandsrevyen like før klokka 20.00 og er godt inne i ein diskusjon so blir det brått fart i greiene når ho bryt ut " NO ER DET HER " . Vi begge lettar på oss mens Kjellaug har allereide komt forbi meg og er på god veg ut inngangsdøra for å presentere " Sofus " som ho kallar piggsvinet .
Her ute blir det både bilder og video av piggsvinet med Kjellaug , og soleis fekk ein foreviga det før dei går i hi for vinteren . Sjå under for både bilder og video .
PS ! Kjellaug Svardal er og underteikna si tante og har hatt ein god dialog i haust med å forevige piggsvina .

- Film " Piggsvin besøk med Kjellaug "
( trykk play i midten for å starte film )
Video : Reidar Nesje /- Strynavis
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no