Annonse
Sjå video av kongeørna som lettar med reven
Nyheiter
Publisert :
19.04.2021 13:05
Av Reidar Nesje
Publisert :
19.04.2021 13:05
Av Reidar Nesje
Jan Lars Nesje ( 69 ) busett på Mindresunde i Stryn fekk seg ein overraskelse då han skulle hente heim minnebrikka si på viltkameraet sitt ifrå skogen . For det første var lokkematen , som var ein daud rev , vekk . For det andre var ikkje reven å sjå .
Han måtte sjå igjennom filmane på viltkameraet sitt for å forstå kva som var skjedd , men her fekk han seg ein større overraskelse . Det var nemlig ei kongeørn som hadde satt kloa i reven og letta med han . Både forskera og andre klør seg i hovudet at det er mulig . Ei kongeørn skal normalt ikkje greie å lette med ein rev og det er då ei heilt spesiell hending vi er vitne til .

- Sjå videoen til Jan Lars Nesje under her
Der var 2 kongeørner til å begynde med , ein hanne og ei hoe antageligvis . Hoa er ein god del større enn hannen og mest sannsynlig var det hoa som satt igjen med reven og hakka litt på den etter at hannen reiste . Ho tenkte at dei smulane ho fekk i seg var so godt at ho like godt ville ta med seg reven heim , og letta so med heile reven .
Antageligvis vog reven rundt 6 kg , men forskarane seier at det ikkje skal være mulig å lette med ein slik tung rev . Det var ein del vind som vi ser på videoen , og antageligvis har ørna fått oppdrift av vinden . Men likevel ser vi tydelig at ho set heilt i ro før ho må lette tungt med reven .
Det er ikkje første gongen han har fått blinkskot av ørn i skogane ovanfor Mindresunde . Her er ein del ørner , både kongeørn og havørn som ein ser titt og ofte .
Viltkamera har han hatt dei siste 10 åra iallfall so der er ein heil del som skjer i skogane som ein kan få opptak av . Men slike opptak av ørna som vi såg ovanfor er ikkje ofte ein får fanga på film , verken for Nesje eller andre hobby fotografar .

- Saka fortset under annonsen
Annonse
- Ein ivrig jeger
Jan Lars Nesje er ein ivrig jeger . For det meste hjort og reinsdyr , men småvilt og revejakt er og ein del av jakta . Hunden Bella som vi ser på bildet er med omtrent kvar gong det blir felt rev på Mindresunde .
Han har og tidligare dreve med pelsdyr oppdrett men gav seg i 1996 , so Jan Lars Nesje har god kunnskap om reven .
Det gjenstår å sjå om der blir fleire spennande filmar ifrå Mindresunde sine spennande skoger .

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234