Annonse
Bussar med turistar stoppar ved Rand barnehage i turistsesongen og fotograferar borna - No ber Nordsida Utviklingslag om at det kjem opp skilt som syner at det er ikkje lov
Nyheiter
Publisert :
23.04.2024 09:05
Av Reidar Nesje
Publisert :
23.04.2024 09:05
Av Reidar Nesje
Nordsida Utviklingslag har sett seg lei av bussane med turistar som stoppar ved barnehagen på Randsida og fotograferar borna , samt at turistane ynskjer å benytte seg av toaletta i barnehagen .
No ber dei i eit brev til kommunen om at det kjem opp skilt som syner at dette er ikkje greit eller lov , både med tekst og symbol .
I brevet står der følgande :
FOTOGRAFERING AV BORN
Nordsida utviklingslag har fått meldingar om at det i turistsesongen stoppar mange bussar ved Rand barnehage. Mange av turistane, slik vi oppfattar det skjer dette dagleg når det er bussar, tek bilete av ungane i barnehagen. Personalet må bruke mykje tid på å be dei å slutte å fotografere. I tillegg er det mange som spør om å få låne toalettet. Det kan dei naturleg nok ikkje.
Vi ber om at kommunen snarast får sett opp skilt som eintydig, på fleire språk og ved hjelp av figurar viser at det ikkje er lov å fotografere ved barnehagen/barna og at toaletta er til bruk for ungane og dei tilsette.
TOALETTFORHOLD
I tillegg ber vi kommunen vurdere toalettforholda langs Panoramavegen. Det er problem med dobesøk i grøfter, buskar og kratt. Er det mogleg å få sett ut midlertidige toalettkabinar?
Det gjeld spesielt områda Dalehøgda, ved avkøyrsla til Robjørgane, Nos, Rand barnehage/Tvinnefossen og Kvalen. Det er toalett ved Sagedammen, men ikkje alle stoppar der.
Det er også toalett ved coop Fjelli, men der er det ikkje så enkelt å parkere for fleire bussar

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no