Annonse
Fantastisk start på nyåret med nordlys som lyste sterkt på himmelen - Sjå bildene her ifrå Mindresunde
Nyheiter
Publisert :
06.01.2025 11:25
Av Reidar Nesje
Publisert :
06.01.2025 11:25
Av Reidar Nesje
- Fikk tips om nordlyset
Når vi gjekk inn i det nye året var det ikkje berre fyrverkeri ein kunne observere på himmelen . Eit fantastisk nordlys gav oss og eit fantastisk skue ilag med rakettane , soleis var det eit fargesprakande lysshow både med lyd og utan lyd ein kunne observere . Nordlyset var forøvrig gratis .
Underteikna var iallfall klar på at på kvelden 01.januar ville det igjen bli nordlys , og alle batteria var ladda og klar for at vi skulle på nytt fange inn nordlyset . Planen var å gå ut kanskje rundt klokka 2200 , men like etter klokka 18.00 ringde brått " tips telefonen " . Her fikk eg klar beskjed om at eg måtte komme meg " lukt ut " for no var det heile igong .
Eg loffa meg ut om døra og ganske so riktig , her var det igong eit fargesprakande lysshow som det knapt har blitt observert tidligare på våre breddegrader . Det var på med kjeledress , gode sko og ei varm hue for å gjere seg klar for å fange inn nordlyset .
Underteikna hadde ein følelse av å være i " himmelen " , for når nordlyset dansar slik og du står rett under det , ja då er du på mange måtar i himmelen . Eit fantastisk skue , og rykta seie at 2025 vil bli eit veldig bra nordlys år . I so tilfelle har ein starta på aller beste måte .
Alle bildene er ifrå Mindresunde som ligg knapt 10 km aust for Stryn sentrum .
Sjå bildene under her

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no