Annonse
Flott nordlys natt til onsdag 19.februar - Sjå bilda her
Nyheiter
Publisert :
22.02.2025 13:45
Av Reidar Nesje
Publisert :
22.02.2025 13:45
Av Reidar Nesje
- Såg på facebook fleire som hadde tatt bilder
Natt til onsdag sat underteikna seint oppe og hadde forskjellige syslar då ein kjapp tur innpå facebook gjorde meg oppmerksom på at det kunne være nordlys ute . Eg tok på meg tøflene og steig ut på verandaen for å kike imot stjernene , for det er der oppe ein først vil oppdage det . Det tok ikkje lang tid før eg observerte nok til å innsjå at det var eit veldig sterkt nordlys ute , og ei beslutning om å kjøyre til ein god lokasjon vart tatt .
Turen gjekk først til Dispaholmen der ein ofte får gode bilder både i aust og i vest . Litt seinare gjekk turen til Oppstryn der ein først stoppa på ei utviding før Nesi , og til slutt gjekk turen heilt til Grande Camping og ein tur til fjæra der for å kunne sjå det meste av Oppstryn .
Klokka var ca 01.30 då ein først starta å ta bilder , og det var vel like før klokka 03.00 at ein måtte sjå seg fornøgd med det ein hadde fått foreviga .
Kuldegradene låg mellom -8 og -10 og det var det ein kalla " bitande kaldt " då ein ikkje brukte hanska eller vottar under foto seansen . Men når ein kjem heim og ser på dei bildene ein har fått tatt og foreviga so er alt om kuldegrader gleimt . Det var vel verdt det .
Sjå bilda under

- Husk at vi premierar alle som sender inn tips og foto / video
Blant alle tips vi får inn vil det bli trekt ein vinnar kvar månad som vinn 2 flaxlodd . I januar fekk vi inn kun 1 tips og det var soleis ikkje behov for trekning .
Beste tipset vinn og 2 flaxlodd , og tipset vi fekk inn i januar var nok til å bli vinnar der og for beste tips . Soleis fekk tipsaren 4 flaxlodd for det eine tipset i januar .
No går vi inn i februar , og der er det då nye muligheta å vinne for å tipse Strynavis , samt og beste tips vi får inn .
Husk og at om du tipsar fleire gongar har du fleire " lodd " i trekninga ! Tipsar du 1 gong har du 1 lodd i trekninga som blir 01.mars . Tipsar du f.eks 10 gongar har du 10 lodd i trekninga !!
Sender du landskapsbilder , bilder av været , osv har du og mulighet å vinne flaxlodd .
Antall tips i februar ( pr. 22.02.2025 ) : 8 tips til trekning

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no