Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
Search
Annonse

Picture
Søndag kveld var det eit fantastisk skue på himmelen for dei som var vakne i Stryn . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Spektakulært nordlys over Stryn natt til måndag

Nyheiter
Publisert :
​05.09.2022 12:45
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

- Ein skal ikkje sove vekk " haust natta , ho er for ljos til det " ​

Underteikna var fleire gongar ut for å sjå etter nordlyset som tydeligvis har prega landet og fylket dei siste dagane , men her var ingenting å sjå like etter 2230 igår kveld . 

Rundt klokka 2300 tok eg turen ut " ein siste gong " og der var det eg hadde venta på . Når du ser noko som liknar på lyskastera som går att og fram på himmelen , samtidig som eit lys som blafra , ja då er nordlyset i sin spede begynnelse . 

Det var berre å hive seg rundt med kamera utstyr og stativ , samt å kjøyre til ein stad du vil ha god oversikt imot nord . Av og til er det kanskje ikkje so spektakulært du hadde håpa og venta på , men akkuratt igår vil eg gi ein sterk 7 av 10 på lys skalaen . Eg har sett nordlyset sterkare her i Stryn enn det som var igårkveld , men det er noke heilt spessielt når du står og observera det . 

Eg valgte å stå på Dispen ( Dispa ) sida for å fotografere , her er det som oftast mørkt og god utsikt til fjella der nordlyset er . 

- Vart sterkare og sterkare

Etter å ha fått på plass stativet og kamera med dei rette innstillingane var det berre å knipse iveg meg kameraet . Du treng som oftast eit digitalt kamera med forskjellige innstillingar for å " fange " nordlyset . 

Eg la merke til at det heile tida bygde seg opp til å bli større og sterkare . På himmelen blafra det fleire skyer som er nordlyset som strekker seg ut . Imot aust kunne ein og sjå at nordlyset åpenbarte seg over Flofjellet ganske sterkt . 

Alt ialt var det ei ganske so spektakulær oppleving . Mens nordlyset herja kunne ein og høyre ein rev som skreik idet fjerne , samtidig som fleire stjerneskudd skaut fart på himmelen ut av ingenting og underteikna gjorde seg fleire ønskjer for den kommande tida . Om ønskjar går i oppfylling , det blir vel ei anna sak . 

- Sjå bilder under her


Picture
Bilde ifrå Dispen imot Mindresunde og Storesunde . Vi ser blant anna Kyrkjenibba midt i bildet som speglar seg i glansen av nordlys og stjerner . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Imot aust var og nordlyset veldig synlig . Midt i bildet ser vi fleire lys ifrå den vesle bygda Flo . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
" Lyskastarane " åpenbarte seg under nordlys showet . Her ser vi fleire strålar til høgre for fjellet Kyrkjenibba . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Over skyene er himmelen alltid blå må kanskje skrivast om . Her ser vi i høgre bildekant Eikeneset , og midt i bildet ligg dei 2 sunda , Mindresunde og Storesunde . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Det er i slike augenblikk ein ikkje kan forestille seg å være på andre plassar enn i nuet . Det er omtrent som ein er vitne til noke heilt på grensa til magi . Her ser vi nordlyset over Flofjellet . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Ved Dispaholmen kunne ein imot vest få fantastiske bilder av nordlyset . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Ein himmel full av stjerner . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Picture
Imot aust og Oppstrynsvatnet var det eit storslått nordlys . Foto : Reidar Nesje / Strynavis

Kart

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2022
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025