Annonse
11 menneske miste livet 26.februar i 1868 - No 156 år etter har dei 11 fått ein minnestein med ei minneplate på
Nyheiter
Publisert :
29.09.2024 18:52
Av Reidar Nesje
Publisert :
29.09.2024 18:52
Av Reidar Nesje
- Minnestein på plass etter 156 år
Ei ulykke kjem sjelden åleine seier dei , og i 1868 var det ikkje berre Tenden som vart råka av snøskred . Sunndalen , Skåre , Gjørven , Strand og Kyrkjeeide fekk både husmannsplassar og hus og heim rasert , i tillegg til at menneskeliv gjekk tapt .
Minnesteinar er satt opp iallfall på Gjørven og i Sunndalen ifrå tidligare , og no har altså Tenden fått seg både minnestein og minneplate over dei som miste livet det året .
Minnesteinar er satt opp iallfall på Gjørven og i Sunndalen ifrå tidligare , og no har altså Tenden fått seg både minnestein og minneplate over dei som miste livet det året .
- Tragedien ramma på ettermiddagen
Den 26.februar i 1868 klokka 16.00 skjedde det fatale som ramma ytste og inste Tenden i Stryn .
Eit snøskred losna omlag 500-600 meter oppe i lia og tok med seg husa på begge bruka på garden Tenden .
Husa låg i den tid oppunder skoggrensa rett ovanfor minnesteinen som no er på plass . Heile 11 menneske omkom .
På bruk 68.1 overlevde 4 menneske , medan ei jente , Mari , vart berga på bruk 68.2 .
Det tok 100 menneske nesten ei veke for å finne dei omkomne .
Snøen var fast som betong , og var nesten 4 meter høg .
Husa på garden vart i ettertid bygd opp att der dei er idag .
Desse mista livet i den tragiske ulykka :
Bruk 68.1 : Ytste Tenden
Ole Johnsen Tenden og kona Ragnhild hadde overteke gardsbruket frå faren 4 år før raset gjekk .
På bruk 68.2 : Inste Tenden

- John Olsen Tenden , 61 år
- Kona Ingeborg Olsdtr . Tenden , 55 år
- Dotter Johanne Johnsdtr . Tenden , 19 år
- Son Ole Johnsen Tenden , 33 år
- Kona Ragnhild Iversdtr. Tenden , 33 år
Ole Johnsen Tenden og kona Ragnhild hadde overteke gardsbruket frå faren 4 år før raset gjekk .
På bruk 68.2 : Inste Tenden
- Jakob Pedersen Tenden , 60 år
- Kona Synneve Gardbrandsdtr. Tenden , 55 år
- Son Peder Jakobsen Tenden , 30 år
- Son Abel Jakobsen Tenden , 22 år
- Dotter Brithe Jakobsdtr. Tenden , 16 år
- Son Absalon Jakobsen Tenden , 8 år
I avisa " Bergensposten " stod der følgande om ulykka - Lørdag 7.mars 1868 :
" Samme dags ettermiddag ( etter snøskred ulykke på Kirkeeide ) - men et par timer seinare - overgik eit endnu frykteligere sneskred gården Tenden av Nedstryns hovedsogn . Denne er beliggende omtrent en halv mil fra kirke-eide . Der var det også sne og band i forening , som grundrev , og derfor ble også ødeleggelsen den forfærdeligste . På denne gård bodde 2 oppsiddere med familier . Af siste var 11 personer hjemme , og samtlige blene de i et nu bortrevne med alle gårdens hus og besetning , bestående av 26 kjør ( kyr ) og omtrent 60 faar ( saude ) . Alt her levende måtte late med livet . Hjelp ilæde ( ila ) straks til og denne fremdrog snart av ruinane en mand og en kone , hos hvilken siste mann sporede liv , der dog snart skuffede . Omkring 100 mann har nå i flere dage vært full av beskjæftigede med utgravingen og den fortsættes endnu . Enn lig er gjenfundne - et redselsfullt skue . Blodige og forslåede med brudte lemmer , ja endog med avreven fod har man fundet dem 3 alen nede i sneen . Denne skal , blandet med tømmer og trær , grus og sten , ligge i en kompakt maske til en høide fra 3 til 6 alen , saa her er et overmaade besværlig arbeide ; og når man så endelig finder , hvad man leter efter , bliver man saa uviltaarligen saa betagen av forfærdelse , at man en tidlang ikke formaaer å røre sig til noget . Også på denne gård var skolestue ; men den var - gud være lovet - heller ikke i brug . To av gårdens børn , der , auagtet den høie sne , vare gaaede i skolen , unngikk dermed ødeleggelsen . "
( Her er nok litt skrivefeil ifra mi side , men den gamle norsk skrivinga er ikkje alltid lett å forstå seg på ) .
( Her er nok litt skrivefeil ifra mi side , men den gamle norsk skrivinga er ikkje alltid lett å forstå seg på ) .
- Minnesteinen vog omtrent 7 tonn
Det var fortalt at minnesteinen som er henta ifrå hyttefeltet i Tenden vog meir enn berekna .
Det var entreprenør Hatledal som hadde det ærefulle oppdraget med å hente ut minnesteinen som skulle på plass på neset på Tenden .
Gravemaskina han brukte for å hente ut steinen var ikkje berekna for den tunge vekta , der dei først estimerte steinen til å være under 3.5 tonn .
Soleis måtte dei til med ein av dei største maskinene for å hente ut steinen so dei kunne frakte den på plass der den står idag .
Iniativtakarar bak minnesteinen er Olav Tenden og Arne P. Sunde .

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no