Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
Search
Annonse

Picture
Slik såg markboksen ut med inskripsjonen " K. Bø " . Eigaren skulle vise seg å komme ifrå Stryn . Foto : Odny Staurust Bøye

Markboksen forsvant på fisketur for 25 år sidan i Grotli traktene - Søndag vart boksen gjenforent med eigaren i Stryn

Nyheiter
Publisert :
07.01.2024 22:25
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

Markboksen har vore med på litt av ei reise dei siste 25 åra , den har til og med vært i Flåklypa .  Uvitande har eigaren i Stryn sikkert ikkje tenkt so veldig mykje på akkuratt det med anna enn at den sikkert var fortapt . 

Heilt inntil at " finnaren " i Skjåk hadde ei opprydning med seg for eit par år sidan og at boksen dukka opp i dagen . Den gjekk i gløymeboka men no før jul og nyttår so vart boksen tatt med for fotografering der eigaren skulle prøve å finnast . 

- Hatt den med seg halve livet

Picture
Det var Odny Staurust Bøye ifrå Bismo i Skjåk som fant markboksen for rundt 25 år sidan . Foto : Privat
Ho fortel sjølv :

Ho huskar ikkje eksakt årstal men det måtte vel være første på 2000 talet for ho var på fisking sjølv . 

Det var vel når ho var på veg tilbake ifrå fisketuren at ho oppdaga markboksen som låg på et av svaberga ved Grotlivatnet . Ho såg at det var ein heimelaga markboks . Ho sjekka til og med om det var mark i den . Boksen hadde ein rød gummiring med ein rød syltering på , men den var morken so den vart kasta . Mark var der ikkje i den . 

Ho tok den først med på hytta og spurte naboar om dei kjente nokon med det navnet , for tanken var at vedkommande skulle få den tilbake . So den vart først med til Lom der ho budde i Flåklypa . Der vart boksen ståande til ho flytta til Skjåk . 

Ho tenkte at ho skulle få den lagt ut på facebook , men det gjekk i gløymeboka engang til . 

Åra flaug og boksen låg trygt i kjellaren med Odny . Ho flytta so til Vågå og boksen vart med på reisa . Men i mai 2022 flytta ho tilbake til Skjåk , der ho hadde ein stri ryddetørn der ho bur . Og der dukka boksen opp igjen , men heller ikkje då fekk ho gjort so mykje med den . Det er vel det ein kallar treig forklarar ho . 

So gjekk ho fram til desember 2023 der ho tok med seg boksen opp på vaskerommet . Der låg boksen til ho tok bilde av den for so å legge den ut offentlig på facebook . 
- Facebook innlegget 
Picture
På facebook søkte ho like før nyttår etter eigaren av markboksen ho fant i Skjåk på slutten av 90 talet . Foto : Skjermdump / facebook
Ho fikk ein kommentar ifrå 1 person som bur i Garmo , men ellers var det fint lite . Heilt til underteikna ( Reidar Nesje ) gav eit tips og eit hint om at personen kunne være ifrå Stryn med navn Klemet Bø ? 

Underteikna var i kontakt med sonen , Rasmus Bø , som raskt responderte med at boksen kunne tilhøyre far sjølv , Klemet Bø . 

Odny hadde so ein fin dialog med Rasmus der han igjen hadde ein dialog med far Klemet . Der falt brikkene på plass og markboksen som hadde vært i Skjåk i nærmare 25 år skulle då få komme heim til Stryn der den høyrer heime . 

Ho forklarar at markboksen er veldig fint laga , med skinnreimer og stål i bunnen . Ho var litt usikker på om ho skulle legge den ut på facebook i tilfelle det var nokon som sa dei eigde den , men ikkje gjorde det likavel. 

Ho er veldig glad for at markboksen no kjem tilbake til eigaren og at den er slik den er når ho fant den . Den har no fått flytta litt på seg hintar ho til . 

Når underteikna var i kontakt med Odny søndag ettermiddag har Klemet vært og henta boksen . Han tykte sjølv det var ei meget god historie og særlig at det var 1 av kameratane hans som hadde  mista den . Det var nemlig kameraten som hadde den i sekken . 

PS ! Som takk for at han fekk returnert markboksen fekk Odny ei fin bok om skiskytterane Tarjei og Johannes Bø , Klemet er nemlig far til Bø brødrene som er viden kjent for sine kunster som skiskyttera . 

Søndag vant dei og stafett gull for Norge i Oberhof i Tyskland der Tarjei gjekk tredje etappe med bror Johannes Thingnes Bø på anker etappen . På laget var og Endre Strømsheim som gjekk første etappe med Sturla Holm Lægreid på andre etappen . 

Her var nok dei 2 nevnte Bø brødrene uvitande om at far sjølv var på eit viktig oppdrag til Skjåk og Odny Staurust Bøye for å hente heim markboksen som forsvant for nærmare 25 år sidan . 

Den blir sikkert flittig studert når dei kjem heim til Stryn der historia om den forsvunne markboks skal forklarast i plenum . 

Ei historie som sikkert kan gå i fleire generasjonar . 

Picture
Klemet Bø fekk idag returnert markboksen som forsvant for nærmare 25 år sidan . Foto : Arkivfoto etter hyllesten i februar 2022 til ære for familien etter Johannes og Tarjei sin bragd i OL . Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Underteikna var i kontakt med Rasmus Bø som raskt kunne konstatere at markboksen mest sannsynligvis tilhøyrde sin far , Klemet Bø . Arkivfoto : Reidar Nesje / - Strynavis

- Fleire bilder av markboksen
Alle bilder : Odny Staurust Bøye

- Grotlivatnet
Picture
Det var i enden av Grotlivatnet ( bildet ) Odny Staurust Bøye fant markboksen for snart 25 år sidan . Foto : Privat
Ein må avslutte med at det her var ein lykkelig slutt og at ein trygt kan slå fast at Skjåkværingar og Stryningar har eit tett og godt forhold til kvarandre på trass av eit fjell mellom oss . 

Underteikna har og vært fleire gongar på reinsdyrjakt i Skjåk traktene saman med Odny Staurust Bøye som fant markboksen . 

Picture
- Trykk bilde eller tekst

- Sjå video og bilder ifrå 18.februar.2022 her



Kart

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2024
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025