Annonse
Manglar lys ved busstoppa i Oppstryn - No krev dei handling ifrå politikarane i Stryn
Nyheiter
Publisert :
25.01.2022 14:25
Av Reidar Nesje
Publisert :
25.01.2022 14:25
Av Reidar Nesje
I eit åpent brev til Stryn kommune , datert 20.januar , krev dei no handling ifrå politikarane når det gjeld manglande lys ved busstoppa i og rundt Oppstryn .
Dei skriv følgande :
Manglande lys ved flesteparten av buss-stoppa i Oppstryn
Mange i Oppstryn er opprørte over dei manglande lyspunkta ved buss-stoppa. Oppstryn er ei bygd i vekst. Vi ønskjer å presentere bygda på ein god og trygg måte for alle, også for nye tilflyttarar. Sjølv om bygda og gardane kan vere opplyst elles, er det stusseleg å gå av eller på bussen der det er mørkt. Trafikkfarleg er det og. Vy Ekspressbuss har valt ut 7 av 16 buss-stopp i bygda som sine stoppestader, og ved mange av haldeplassane stoppar skulebussen morgon og ettermiddag i all slags ver. For eksempel på Skåre, der kan det vere både sterk vind og snødrev, der må det kome lys. Likeeins ved Hjelletunnellen aust, der er eit stort kryss og stor trafikk på hovudvegen, der må kome lys. Ikkje minst på Grande, der er og kryss og stor trafikk, og mørkt (ikkje noko lys i nærleiken heller), der må kome lys. Det same er det ved Brekke-nausta, her er kryss mot Brekke og Åning. Her må det óg kome lys. Vi, innbyggjarane i Oppstryn, krev at politikarane skaffar pengar til dette og syter for at arbeidet blir gjort.
BREKKENAUSTA To buss-skur, lomme. Manglar lys. Dette er stoppeplass for Vy ekspressbuss. Stort kryss, veg til Nesje, Åning og Brekke.
NESJE To buss-skur, lomme. Manglar lys. Kryss, veg til Nesje.
SANDVIK Ok FOSNES Ok DÅRFLOT Eitt buss-skur, ei lomme. Manglar lys ved skuret. Dette er stoppeplass for Vy ekspressbuss.
MORK To buss-skur. Kryss med veg mor Mork. Manglar lys. I krysset er der lys, men ikkje ved bussstoppestadane.
GRØNFURVIKA To lommer buss-stoppskilt. Manglar lys.
GRANDE Eitt buss-skur, ei lomme. Manglar lys. Dette er stoppeplass for Vy ekspressbuss. Her er og kryss, mot Erdalen.
SANDBU Dette er ikkje eit buss-stopp, men mange bussar stoppar her, i alle fall skulebussen. Det er eit stort kryss mot Erdalen, med mykje trafikk. Like i nærleiken er det kryss mot Hjelle, der er det heller ikkje lys. Det bør vere eitt eller to lyspunkt her.
HJELLETUNNELLEN AUST Buss-skur. Manglar lys. Stort kryss mot Hjelle, med mykje trafikk. Dette stoppeplass for Vy ekspressbuss.
BETEL Eitt buss-skur, ei lomme. Manglar lys.
GROV Eitt buss-skur. Manglar lys TANGEN Ok
SUNNDALEN To buss-skilt. Manglar lys.
HOGANE To lommer med buss-stoppskilt. Manglar lys.
JOGJERDE (ved avkøyrsle til Olsen) To lommer med buss-stoppskilt. Manglar lys.
SKÅRE Lomme, buss-stoppskilt. Manglar lys. Kryss mot gardane på Skåre. Buss-stoppa på Skåre er buss-stopp for Vy ekspressbuss.
Helsing
Oppstryn bygdekvinnelag ved Bjørg Ladehaug, leiar
Oppstryn bondelag ved Rolf Olav Gjørven, leiar
Stryn Bonde- og småbrukarlag ved Ingolf Folven
Oppstryn bygdeutviklingslag ved styret
Oppstryn ungdomslag ved Terje Guddal, leiar Oppstryn idrettslag ved styret
Oppstryn idrettshus ved Asbjørn Berge, leiar
Oppstryn skule- og barnehage ved Tine Rosenvinge, repr. for foreldreutvalet

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no