Annonse
Lokal nisse kåring på Lunde i Stryn
Nyheiter
Publisert :
19.12.2020 20:45
Av Reidar Nesje
Publisert :
19.12.2020 20:45
Av Reidar Nesje
Du har kanskje lagt merke til nokre digre nissar i det siste når du har passert Lunde og Øvreeide i Stryn ? Vel , no hadde karane som eig nissane funne ut å kåre ein vinnar , og kåringa fann stad på Lunde i Stryn .
Strynavis var representert og var so heldig å overvære kåringa der speaker Fredrick Egge Eimstad hadde æren av å kåre vinnarane . Det var vel kanskje ikkje tvil om kven som skulle vinne , for når underteikna svinga innom plassen på Lunde mellom Andreas Lunde og Øystein Holmøy ruva det ein gedigen stor nisse på plassen . Eigaren av nissen var Andreas Lunde , og soleis levna det vel liten tvil om kven seieren skulle gå til .
Resultata vart som følger :
1.plass - Andreas Lunde , nisse størrelse 10 meter og godt bygd opp ( om ikkje 10,5 )
2.plass - Paul Øyvind Glosvik - 10 meter ( mulig vinnar om ikkje det var for vinden var det 1 som sa )
3. plass - Markus Lykkebø / Sander Egge Eimstad - 10 meter
4.plass - Øystein Holmøy - ca 6 meter

Sjå video av kåringa her
Saka fortsett under annonsa
Annonse
Nissen kom ridande på sitt reinsdyr og ville overvære den store nisse kåringa i bygda .
Det vart og sagt at det ville bli konkurranse til neste år og det vart og overhøyrt at nokre av dei tapande idag skulle komme sterkare tilbake til neste år . So gjenstår det å sjå om det blir større nissa enn 10 meter til neste år i grenda mellom Lunde og Øvreeide i Stryn . |