Strynavis
  • Nyhende
  • Siste 5 hendingar
    • Ombygd brannbil som bubil
    • Madrugada på Hoven
    • Video av F-35
    • Sjå kva Eivind fant i fjæra
    • Påskebingo på Storesunde skule
    • Flo tunnelen er åpna
    • Hurtigrute skipet Maud i Loen
    • Viking Rally i Loen
  • Oktoberfest i Stryn spesial
    • Oktoberfest i Stryn - Bildegalleri 2019
      • Oktoberfest 2019 - bilde galleri mappe 1
      • Oktoberfest 2019 - bilde galleri mappe 2
      • Oktoberfest 2019 - bilde galleri mappe 3
      • Oktoberfest 2019 - bilde galleri mappe 4
      • Oktoberfest 2019 - bilde galleri mappe 5
    • Oktoberfest 2019 i Stryn - Video side med 17 videoar
      • Video ifrå oktoberfest 2019 - Sammendrags video
      • Video ifrå oktoberfest 2019 - Burgermeister Anne Margrete Tonning åpnar oktoberfest 2019 i Stryn
      • Stryn musikklag på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av husbandet på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av ordførar Sven Flo med ein liten tale på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Hofbräuhaus Show - Spelar " ein prosit "
      • Video av husbandet med " West Virginia " på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Hofbräuhaus Show på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Hofbräuhaus Show - Spelar " ein prosit " , film nr 2
      • Video av Hofbräuhaus Show - " Bjelle spel "
      • Video av Oslo blåseorkester som spelar " da føler jeg meg glad " på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Oslo blåseorkester som spelar " øl øl og mere øl " på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Oslo blåseorkester som dannar lang rekke og tog gjennom teltet på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Oslo blåseorkester som spelar " vi har drekke drekke drekke " på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av Oslo blåseorkester som spelar " Delilah " på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Video av bingo på oktoberfest 2019 i Stryn
      • Oslo blåseorkester med mini konsert ved Stryneelva på oktoberfest 2019 i Stryn
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
    • Arkivside 2021 - Side 1
    • Arkivside 2021 - Side 2
    • Arkivside 2021 - Side 3
    • Arkivside 2021 - Side 4
    • Arkivside 2021 - Side 5
    • Arkivside 2021 - Side 6
    • Arkivside 2021 - Side 7
    • Arkivside 2021 - Side 8
    • Arkivside 2020 - Side 1
    • Arkivside 2020 - Side 2
    • Mal Arkivside
  • Ny side
  • Bruk strynavis på nettbrett og telefon
  • Bli medlem
  • Pålogging

Search

Picture
Bebuarane i Geilevegen fryktar at vegen vil bli nytta til å skulle bygge ut Tonningskamben . Foto : Skjermdump / Google Maps

Fleire klager til Stryn kommune angåande detaljregulering i Geilevegen

Nyheiter
Publisert :
​02.02.2022 13:25
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

Det var sikkert fleire som fekk både mandariner og gløgg i halsen då ein like før jul kunne lese om at Strynefirmaet Nordfjord Invest hadde kjøpt Tonningskamben . Her har dei innan året tenkt å begynde å bygge ut nærmare 200 bueiningar i eit 10 års perspektiv . 

Vegen som fører til Tonningskamben går gjennom Geilevegen . No fryktar fleire bebuarar at når Tonningskamben skal utbyggast skal all trafikk gå gjennom Geilevegen . 

No har bebuarane skrive under eit skriv med mange underskrifter som er oversendt kommunen . " 
Oppsitjarane langs Geilevegen vil med dette legge fram klage på at kommuna vil rasere mesteparten av eigedomane langs denne vegen " skriv dei i klagen . 

- Negative konsekvenser for bebuarane

Ein av bebuarane skriv : ​

" Slik eg les planane vil utviding av vegen påverke eigedomen min negativt. Arbeidet vil øydeleggje opparbeida areal inntil vegen, og såleis forringe verdien på eigedomen.

Eg har forståing av at ei utviding er knytt til at Geilevegen er tenkt som tilkomstveg til nytt boligfelt i Tonningkamben. Eg meinar boligområdet ikkje vil tåle den trafikkauka dette vil medføre. Eg trur òg det vil bli svært vanskelig å få til trafikksikre inn- og utkøyringar til eigedomane i gata. I sum vil dette ha store negative følger for alle bebuarane i gata.

​Eg ber om at kommuna finn ein alternativ tilkomstveg til Tonningskamben som ikkje medfører så store negative følger. "

- Ikkje dimensjonert for tilkomstveg

Picture
Som ein ser på bildet er vegen ikkje akkuratt av det breide slaget . Dei fryktar og at det skal utvidast og lagast breidare veg i sammenheng med Tonningskamben . Foto : Skjermdump / Google Maps
Ein av bebuarane i Geilevegen fryktar konsekvensane av Geilevegen som tilkomstveg til eit nytt bustadfelt på Tonningskamben . 

" Det vert nemnd alt frå 80 til 210 nye bustadar i dette feltet, og alle desse planlegg kommunen skal ha Geilevegen som tilkomstveg. Vegen er på ingen måte dimensjonert for dette per i dag, og ei utviding vil få omfattande konsekvensar for alle som bur i Geilevegen. Nokon i meir, nokon i mindre grad.

Det vil også vere katastrofalt for kommuneøkonomien, for dette blir dyrt. Og som skatteytar i Stryn kommune, så er eg heilt uenig i at vi som skatteytarar skal vere med å finansiere oppgradert veg, slik at private utbyggarar skal tene gode pengar på bustadtomter i Tonningskamben. Her tek ein null omsyn til dei som bur her frå før, men legg alt til rette for nye. Alt tyder på at nesten ingen vil godta å gi frå seg eigedom og få rasert hagar og oppkøyrslar, så her må nok kommunen til med oreigningar i fleng.

Skal ikkje ein kommune lytte til innbyggarane sine - ikkje overkøyre dei?

Eit anna viktig moment er trafikktryggleiken. Geilevegen vert ei tikkande bombe med all den trafikken som opptil 210 nye bustader vil generere. Det bur mange småbarnsfamiliar her, og dette er også ein skuleveg både for barne- og ungdomsskule. Ikkje berre mjuke trafikantar blant innbyggarane i Geilevegen brukar vegen, her kjem mange som bur i gatene rundt også gåande, syklande, på akebrett osv.

​Eg ber om at Statsforvaltaren gjer om på vedtaket til Stryn kommune. "

- Dårleg informasjon ifrå Stryn kommune

Picture
Her i enden av Geilevegen heilt vest skal altså Tonningkamben utbyggast . No fryktar bebuarane i Geilevegen at vegen skal nyttast som tilkomst til Tonningskamben . Foto : Skjermdump / Google Maps
Ein annan klagar mellom anna på dårleg informasjon ifrå Stryn kommune der dei ikkje har motatt informasjon pr post . 

" Viser til plandokument 2019003 vedr. vedtak om detaljregulering av Geilevegen, Stryn kommune.

Det var ved ei tilfeldigheit at vi fekk opplyst at vi har motteke varsel frå Stryn kommune om detalj reguerling av Geilevegen som også angår oss som bur i Geilevegen . Brevet er ikkje motteke pr. post. Dette er endå ei tilføying av dårleg informasjon frå kommunen som gjeld denne saka.

Vedtaket vert med dette skrivet påklaga. Underteikna bur i Geilevegen og etter det vi forstår er ikkje vi hardast råka av utviding av Geilevegen, men dette har vore vanskeleg for oss å få stadfesta då dei kart og planar som har vore presentert omtrent har vore umoglege å tolke . Vi som bur i Geilevegen har som før nemnd etterlyst betre informasjon, samt at vi har bedt om at kommunen gjennomfører ei synfaring som kan fortelje oss korleis planane vil påverke den enkelte eigedom i gata. Denne informasjonen har vi ikkje fått .

Underteikna vil kome med følgjande merknadar :

Ny risikoanalyse vedr. støy og trafikkmengde: Etter det vi ser er risiko vedr. trafikkstøy og trafikkmengde vurdert til gult nivå. Med ei utbygging av Tonningkamben der private utbyggjarar har annonsert at dei ønskjer a byggje 200 privatbustadar pluss ein barnehage, vil trafikkmengda etter kvart bli auka med fleire hundre bilar for dag. Den føreliggande risikoanalysen bør difor vurderast på nytt i høve dei nye utbyggingsplanane vi har fått presentert gjennom lokalavisa.

Støyskjerming: Vi som bur i Geilevegen har alle bustadar tett inntil vegen. Ei yttarlegare utviding av vegen vil påføre oss store støyplager og redusert bukvalitet. Det vil bli mange fleire som får behov for støyskjerming enn slik det er vurdert i dag. Ein set også spørsmål ved korleis ein er kome fram til vurdering av støyplager, har det vore gjennomført støymåling?

Ny tilkomstveg: Ein auke i trafikkmengde vil redusere bukvaliteten for oss i Geilevegen drastisk og det vil ikkje bli godt for oss å bu langs denne vegen. Kommunen må få til ein annan tilkomstveg til byggefeltet som er planlagd i Tonningkamben for a avlaste Geilevegen. Geilevegen kan ikkje vere den einaste tilkomsten til eit så enormt stort byggefelt. Den gang vi bygde i Geilevegen var vegen planlagd som tilkomst til oss som bur langs vegen her, ikkje som tilkomst til enda eit byggefelt vidare vestover.

Farlege og uoversiktlege utkøyringar: Ei utviding av vegen vil påføre mange farlege utkøyringar frå alle eigedommane langs Geilevegen. Det vil bli eit spørsmål om tid før det vil skje stygge ulykker. Mange av oss vil få avkorta utkøyringar med dårleg sikt og det vil bli kortare tid til å reagere om det td kjem barn på sykkel langs vegen.

Verdiforringing av eigedommane: Vi har bedt om ei synfaring av kommunen slik at vi kan få ei oversikt over areal som kommunen har planar om å oreigne. Dette har vi ikkje fatt og informasjonen frå kommune vore mildt sagt elendig i denne saka. Underteikna vil ikkje gje i frå seg noko areal friviljug. Vi ønskjer a få vurdert verdiforring av eigedommen i høve evt . redusering av parkeringsareal, fjerning av handlaga murar langs vegen og fjerning av beplanting. "

- Vil ha ny tilkomstveg

Picture
Geilevegen er no frykta som tilkomstveg til Tonningskamben av bebuarane som bur i og rundt vegen . Foto : Skjermdump / Google Maps
Ein av bebuarane vil ha ny tilkomstveg for å unngå at Geilevegen skal bli nytta til nettopp det . 

" KLAGE PÅ DETALJREGULERING AV GEILEVEGEN 6783 STRYN

Oppsitjarane langs Geilevegen vil med dette legge fram klage på at kommuna vil rasere mesteparten av eigedomane langs denne vegen.

Det blir skulda på ødelagde kloakkrør, og det er greitt fram til Geilevegen 30, derfrå og vestover vart det lagt ned nye rør etter 1980, det skjedde ved opparbeiding av feltet Tonningsbakkane. Men på møte vi var på som kommunen hadde, seier dei at det er helsefarligt å leike ved elvane som kjem ned i frå Kreklingevegen og Hokelstegen pga lekkasje av kloakk, so kvifor prioritere den nederste av desse vegane, og la det fortsette å kome kloakk nedover??

Vi som bur her i dag og har budd her sidane begynnelsen på 70 talet i det gamle feltet og frå begynnelsen av 80 talet på det nye feltet, føler oss overkjørt av Stryn kommune, med rasering av tomtane våre, som i utgangspunktet er ganske små. Vi vil med dette nekte å godta at noko av våre eigedomar blir tekne til ny veg og fortau.Skifte ut ødelagde rør er ok, men ha same breidde på veg som i dag utan noko inngrep på våre eigedomar.

Skal det utbyggast på Kamben, må det lagast heilt ny tilkomstveg, for her blir altfor mykje trafikk i eit allereie utbygd felt som ikkje er berekna på dette. So enten må det kun vere tilkomst i frå toppen, eller finne annan tilkomst i den nederste delen. Det kjem til å bli mange trafikkfarlige situasjoner med rygging/utkjøyring på gangfelt der det kan kome sparkesyklar, og syklar i stor fart som ein ikkje greier å sjå fordi gangveg kjem heilt inntil garasje og utkjøyring frå eigedomar.

Her har heller ikkje blitt sendt ut brev til nokon av dei berørte i Geilevegen, det er ikkje godt nok med annonse i Fjordingen og sendt ut brev via Digipost, for det er langt i frå alle som har dette. Vi har også sendt mail til Geirmund Dvergsdal og kommunedirektør Jon B Nesje, der vi krev å få eit møte med kommunen og at dei skal få kome å vise kva dei har tenkt å gjere, for det er ikkje muligt for oss å sjå på det kartet som er tillaga. Men her har vi ikkje fått noko tilbakemelding.

Eg skriv under på vegne av mange av eigarane i Geilevegen, og de kan få underskrevet liste dersom nødvendig, men har ikkje henta inn det no pga Covid19 situasjonen.

Viss kommunen vil bruke tvang, so må dei bruke oreigning, og påfølgande rettsak. " 

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2022
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje