Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
Search
Annonse

Picture
Gildevang på Mindresunde våren 2021 . Kan huset få ein ny vår ? Foto : Reidar Nesje

Gildevang på Mindresunde treng di hjelp

Nyheiter
Publisert :
​29.05.2021 02:30
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

For snart 107 år sidan bygde Breidablik Ungdomslag huset Gildevang som har stått fjellstøtt i bygda gjennom generasjonar . Basarane har vært ei kjærkommen inntekt som har tatt seg av dei faste utgiftene på huset . Desverre for ungdomslaget og resten av bygda so kom koronaen og la seg som eit svart slør over oss alle . Dermed vart det heller ikkje basar i 2019 og 2020 , noko som har medført at dei som driv idag har dekka utgiftene på huset med private midlar . Det her kan ikkje halde fram . 

Huset har greid seg opp igjennom historia og fram til idag , men no kan det være slutt . Breidablik ungdomslag tel idag berre 3 betalande medlemmer , og det er tungt for desse å halde drifta gåande . Til no har laget greid å takle driftsutgiftene med huset stort sett basert på Gildevang basaren . 

Picture
Her ser vi eit flyfoto ifrå Storesunde . Biletet er ifrå 1954 og Gildevang ligg til høgre for den gamle brua . Vi ser taket på Gildevang som står inne blant tred . Foto : Widerøe

​Vi er mange både som bur i grenda, og som er flytta ut, som ikkje ønskjer å gje opphåpet om å halde Gildevang gåande som eit grendehus i bygda.
Men føresetnaden for dette er at vi må stå opp for huset, både økonomisk og organisatorisk.Vi må vere villege til å yte litt kvar dersom huset skal reddast.I første omgang er det snakk om å kompensere det som har falle bort av inntektsgrunnlaget.Ser vi at dette er muleg, vil ein ny organisasjon kome på plass, og det vil bli lagttil rette for ei drift og ein bruk som skal kunne sikre huset framover.Går ikkje dette, er Gildevang dessverre berre historie.
Picture
Gildevang anno 2021 som ligg på Mindresunde blant høge fjell og dalar . Foto : Reidar Nesje

  • Facebook – Gildevangs vennar

Gjennom Facebook-gruppa Gildevangs vennar, vil vi prøve å organisere ei digital innsamling for å redde huset. Du kan tenkje deg at dette kan samanliknast med at du er på basar i Gildevang og tek lodd og kjøper årar på åresalet. For at talet lodd ikkje skal ta fullstendig av, set vi prisen på eit lodd til 100 kr. (10 lodd for tusen kroner for dei raske reknarane!)

Her kan du både bruke VIPPS og betale rett til konto.
​
Premiar kan det kanskje bli, utan at vi kan seie kva akkurat i dag. Planen er å halde ein «fysisk» basar så snart det blir opna opp for dette. På denne basaren vil vi også kome tilbake til vinstar for den digitale basaren.Vi vil også halde alle oppdaterte på responsen på tiltaket.

​Så vil vi oppmode alle om å dele denne Facebook-infoen med både vennar, familie og andre i omgangskrinsen. Vi vil også oppfordre alle som har gode og artige minner frå Gildevang om å dele desse på Facebooksida. Kanskje det finst artige bilde også frå både nyare og eldre tid.

Til slutt vil vi be alle om å tenkje gjennom korleis du kan bidra til at Gildevang framleis skal vere ein sentral samlingsplass i bygda. Kanskje har du både praktiske ting å bidra med, eller idear om kva huset kan brukast til i framtida.

Slik kan du hjelpe :

Vil du betale inn til vipps :
Vipps nr : 561 795 ( Storesundegruppa )
​

Vil du betale direkte til kontonummer :
Konto : 3705 2253 587 - Storesundegruppa

Trykk her eller på bildet for å gå til facebook sida , Gildevangs Vennar . 
Picture

Strynavis setter pris på alle tips som måtte komme inn , og nøl ikkje med å ta kontakt om du har sett eller observert noke som kan være av interesse . Bruk tips menyen for å sende inn tips eller :

  • Ring på telefon : 46215234  
  • E-Post : tips@strynavis.no
Tips Strynavis

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2020
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025