Annonse
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ville bygge flytebrygge for allmennheita - No har dei ikkje lenger løyve
Nyheiter
Publisert :
11.09.2022 13:30
Av Reidar Nesje
Publisert :
11.09.2022 13:30
Av Reidar Nesje
- Hadde dispensasjons løyve ut september 2021
I sak TS-056/21, datert 07.06.21, fatta sektorutval for tekniske saker følgjande vedtak: Sektorutval for tekniske saker gjev medhald i klage på administrativt vedtak i sak 20/1726-3 datert 26.04.21. Utvalet ser positivt på tiltaket då det følgjer reguleringsplanen som seier at det omsøkte vassdraget er sett av til fiske/badeområde, og at flytebrygga kan nyttast fritt av alle. Tiltaket blir sett på som eit lite inngripande tiltak. Utvalet gjev tidsavgrensa dispensasjon ut september 2021 for å kartlegge tilgjenglegheita for ålmenta.
- Svaret i år ifrå Stryn Kommune 06.09.2022
Stiftelsen Jostedalsbreen nasjonalparksenter har ikkje lagt fram opplysingar/dokumentasjon på at tilgjengelegheita for ålmenta er kartlagt. Den tidsavgrensa dispensasjonen gjeld difor ikkje lenger, og det inneber at Jostedalsbreen nasjonalparksenter ikkje har løyve til plassering av flytebrygge i vatnet ved gbnr. 30/7.
- Ville fremje fysisk aktivitet
I søknaden til Stryn Kommune ifrå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter vart det mellom anna peika på fysisk aktivitet : Dette tiltaket skal sjåast i samanheng med andre naturopplevingar i nærområdet. Vi ønskjer å fremje fysisk aktivitet og bidra til auka verdiskaping og ser at ein slik badeplass med flytebrygge kan bidra til meir aktivitet i bygda som igjen kan skape gode bu – og oppvekstmiljø. Som nemnt i Kommunedelplanen for Oppstryn ser Stryn kommune det som viktig å styrke grunnlaget for Jostedalsbreen nasjonalparksenter, og vi ser at ein slik aktivitet vil bidra positivt til dette. JNPS er ein synleg og høgt verdsatt ressurs, både for kommune, lokalt reiseliv og bygda Oppstryn.
No ser det altso ut som at den planlagte flytebrygga ikkje blir noko av , om ikkje Stryn Kommune vil snu og gi medhald i klagen ifrå JNP ( Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ) .
No ser det altso ut som at den planlagte flytebrygga ikkje blir noko av , om ikkje Stryn Kommune vil snu og gi medhald i klagen ifrå JNP ( Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ) .
- Slik er brygga
- Oppstryn
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg idyllisk til i Oppstryn . Her ser vi eit dronebilde tatt ifrå eit tidligare år og senteret ser vi i høgre bildekant .
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234
- E-Post : tips@strynavis.no