Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar
Search
Annonse

Picture
Bjølla til Thorstein Åmodt i Skjåk har vært brukt til tamrein drift og seinare sau fortel han . Foto : Privat

- Liknande bjøller i Skjåk med same reinsdyr motivet på seg

Nyheiter
Publisert :
​28.09.2022 18:50
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

På laurdag 24.september fant Rannveig Marit Mindresunde ei bjølle på fjellet Marsåhyrna mellom Veslebygda og Flo i Oppstryn med eit reinsdyr motiv på seg . No verserar fleire teoriar på kva denne bjølla har sitt opphav ifrå . 

- Bjøllemakar på Lunde

Strynavis vart kontakta ganske tidlig med at på " Vassenden " på Lunde var der ein bjøllemakar , det her kunne verifiserast i Aalands boka , og ganske riktig , Marius Jakobson ( e. Jakob Pederson Tenden ) står oppført som bjøllemakar og døde i 1941 står der , 67 år gammal . 

Men ein kan ikkje verifisere at det var akkuratt denne typen bjøller han lagde , med eit reinsdyr motiv på seg . Strynavis har tenkt å følge opp dette sporet på eit seinare tidspunkt . 

At han var bjøllemakar er det ingen som kan bestride når det står i Aalandsboka . 
​

- Liknande bjøller i Skjåk

Uavhengig av kvarandre har Strynavis vært i kontakt med 2 personar som har liknande bjøller med det same motivet som Rannveig M . Mindresunde fant på Marsåhyrna . 
- Fant bjølle på Buanose i Skjåk ifjor på reinsdyrjakt
Liv Hege Rønningen var ifjor haust på reinsdyrjakt då ho kom over si bjølle på fjellet Buanose i Skjåk . Underteikna har sjølv vært på reinsdyrjakt der og gikk då opp ifrå Tundradalssetra . Sjølve fjellet ligg på 1415 moh . Ein kan og kjøyre innover imot Sota og gå opp ifrå Tundraskriu . 

Strynavis undrar på kvar ho so fant bjølla på Buanose og kva eventuelt bjølla kan ha blitt brukt til ? 

- Litt på tur innover på dal sia frå toppen. Typisk reins trekk område. Kan både ha vore brukt på sau og rein tenker eg , svarar Liv Hege Rønningen . 

Den bjølla som Liv har funnen er og merka med Pollfoss . 
Foto 1 : 
Picture
Som vi ser er reinsdyr motivet og utsmykkinga omlag identisk med den som Rannveig M . Mindresunde fant på Marsåhyrna i Oppstryn . Foto : Liv Hege Rønningen / Privat
Foto 2 : 
Picture
På baksida er den merka tydelig med Pollfoss . Foto : Liv Hege Rønningen / Privat

- Bjelle brukt under tamrein drift

Strynavis har vært i kontakt med Thorstein Åmodt ifrå Nordberg i Skjåk . Han fortel at bjella han eig har vært brukt i tamrein drift . 

Vi spurte om han hadde meir info å komme med ? 

- Har ikkje noko meir helle det som har vorte sagt av dei eldre på garden. Bjella har vore brukt under tamreintiden i Skjåk er komplett og i fin stand , fortel Thorstein Åmodt . 

Vi spurte og om kva han trudde om alder ? 

- Trur den er frå 50 talet og ikkje det så må ein ned på 20-30 talet altså før krigen, da det var tamrein i tidligare perioder , fortel han . 

Vi spurte og om når tamrein drifta vart lagt ned ? Siste periode var på hausten 1964 , fortel han .
 Tamreindriften foregikk i Skjåk og Lesja , vågå fjella og drifta vart Kalla Trio tamreinlag
- Foto av reinsdyr bjølla til Thorstein
Picture
Slik ser altså reinsdyr bjølla til Thorstein Åmodt ifrå Nordberg i Skjåk . Den har og eit identisk bilde av reinsdyret som Rannveig M . Mindresunde fant på Marsåhyrna mellom Veslebygda og Flo . Foto : Thorstein Aamodt / - Privat

- Rannveig fant reinsdyr bjølle her

Picture
Her ser vi Rannveig Marit Mindresunde sittande på toppen av Marsåhyrna laurdag 24.september . Berre ei kort stund før ho fant bjølla på veg nedigjen . Innfeldt ser vi og hunden Carmen som var med på hendinga og turen . Det flotte landskapet og den trollske stemninga vi ser ned på er Oppstrynsvatnet omkransa av fjella i Oppstryn . Foto : Elin Sørdal / - Privat
Det var ifrå fjellet Marsåhyrna at Rannveig Marit Mindresunde fant den spesielle bjølla med reinsdyr motiv på seg . Fjellet ligg mellom Veslebygda og Flo i Oppstryn . På rundt 1200 meters høgde var det ho kom over bjølla , under noko mose og lav forklarte ho . 

- Marsåhyrna

Picture
Innfeldt ser vi Marsåhyrna innringa med Oppstrynsvatnet nedanfor seg . Veslebygda i venstre bildekant og Flo bygda i høgre bildekant . Foto : Norgeibilder.no

- Høyr klangen av bjølla her

- Trykk play midt i bildet for å starte filmen
Video og redigering : Rannveig Marit Mindresunde ( video av bjølle med klang )
 Foto motiv ifrå Oppstryn med Rannveig og Carmen sittande på Marsåhyrna : Elin Sørdal 
​

- Reidar Nesje / - Strynavis ( redigert )

- Meir bilder

Picture
Bjølla er i veldig god stand og forfatning , sjølv etter 100 år i all slags vær på fjellet Marsåhyrna . Foto : Privat / - Rannveig Marit Mindresunde

Picture
Motivet av reinsdyret er veldig godt utsmykka og i fantastisk god stand . Foto : Privat / - Rannveig Marit Mindresunde
- Saka blir fulgt opp med meir info etterkvart


Kart

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2022
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar