Annonse
Stryn Sommarski bekreftar sprell levande bever på Tystigen - Den har og fått eit kallenavn
Nyheiter
Publisert :
25.06.2023 17:15
Av Reidar Nesje
Publisert :
25.06.2023 17:15
Av Reidar Nesje
- Fleire som meinte den måtte være utstoppa
Strynavis publiserte fredag 23.juni ei sak om ein bever på Tystigen fredag etter eit tips om morgonen . Etter litt undersøkelsar og at ein var i kontakt med dei som var involvert so publiserte ein bilder av beveren som vart fotografert på Tystigen .
Den var først i " storyen " til Stryn Sommarski sin instagram måndag vart det sagt ifrå tipser som sendte nokre screen shots av storyen .
Etter publisering var det fleire som meinte at beveren måtte være utstoppa , for det kunne vel ikkje være mulig at det var bever på fjellet der oppe ? Nokre meinte og at den kanskje var død og at nokon ville berre tulle med at det var bever på fjellet .
No kan vi bekrefte med stor sikkerheit at det faktisk er bever på Tystigen , og at den er sprell levande og ikkje utstoppa som fleire måtte hevde.

- Har fått kallenavnet Alfred
Beveren har altså fått kallenavnet " Alfred " og det er Nina Lensebakken ved Stryn Sommarskisenter som bekreftar både historia og at det er fleire som har observert beveren i det siste , men ikkje på eit par dagar har den blitt sett eller observert .
Der er fleire turistar som både har filma og fotografert beveren som held til i nærleiken av Stryn Sommarskisenter .
Ho meinar den har komt ifrå Skjåk sida for der held til ein god del bever i Skjåk , men at den er langt ifrå sitt vanlige habitat .

- Fotografen trur ikkje nokon har frakta den til Tystigen
Strynavis har vært i kontakt med fotografen bak bildene , Håvard Dahl Olstad , som forklarar at beveren gikk imot han mens han stod der . " Mulig den ville inn på fastland og hente greiner kanskje " , forklarar han med eit emoji latter fjes .
Han gjekk ned til beveren som virka litt sliten , men han fekk høyre at den hadde komt seg ned til vatnet med sommarskien og der hadde den fått dyppa seg .
Han trur ikkje nokon har frakta beveren til fjells når vi undrar på det , forklaringa ligg i at vegen har vore stengt i ein lang periode , og sporet til beveren kjem ifrå motsatt side av bilvegen .
Han fekk og filma beveren men berre ein snutt på rundt 2 sekund , han forklarar at han bomma på filminga mens han gjekk .
Under kan ein sjå fleire bilder av beveren som ikkje er publisert tidligare .

Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no