Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar
Search
Annonse

Picture
Nordlyset viste seg ifrå si beste side og det var berre for fotografen å finne motiva med nordlyset i bakgrunnen . Familie huset på Mindresunde som har stått der i over 100 år vart flittig brukt som motiv . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Årskavelkaden 2025 - Sak 6 - Fantastisk start på nyåret med nordlys som lyste sterkt på himmelen - Sjå bildene her ifrå Mindresunde

Nyheiter
Publisert :
09.01.2026 16:35
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

- Fikk tips om nordlyset

Når vi gjekk inn i det nye året var det ikkje berre fyrverkeri ein kunne observere på himmelen . Eit fantastisk nordlys gav oss og eit fantastisk skue ilag med rakettane , soleis var det eit fargesprakande lysshow både med lyd og utan lyd ein kunne observere . Nordlyset var forøvrig gratis . 

Underteikna var iallfall klar på at på kvelden 01.januar ville det igjen bli nordlys , og alle batteria var ladda og klar for at vi skulle på nytt fange inn nordlyset . Planen var å gå ut kanskje rundt klokka 2200 , men like etter klokka 18.00 ringde brått " tips telefonen " . Her fikk eg klar beskjed om at eg måtte komme meg " lukt ut " for no var det heile igong . 

Eg loffa meg ut om døra og ganske so riktig , her var det igong eit fargesprakande lysshow som det knapt har blitt observert tidligare på våre breddegrader . Det var på med kjeledress , gode sko og ei varm hue for å gjere seg klar for å fange inn nordlyset . 

Underteikna hadde ein følelse av å være i " himmelen " , for når nordlyset dansar slik og du står rett under det , ja då er du på mange måtar i himmelen . Eit fantastisk skue , og rykta seie at 2025 vil bli eit veldig bra nordlys år . I so tilfelle har ein starta på aller beste måte . 

Alle bildene er ifrå Mindresunde som ligg knapt 10 km aust for Stryn sentrum . 

Sjå bildene under her


Picture
Magisk og stemningsfull stemning med foto imot aust ifrå Mindresunde . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Med foto imot vest og Storesunde til høgre i bildet . Den pyramide lignande fjelltoppen vi ser midt i bildet er Kyrkjenibba med Garlid som lyser under seg . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Grønt belte av nordlys over Skårfjellet og Marsåhyrna som er delvis skjult bakom huset . Foto ifrå Mindresunde . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
På bildet ser vi til høgre ifrå Storesunde og nedimot Tenden i Stryn . Kyrkjenibba ruvar som ein pyramide bakom rosa og raudt nordlys . Høgste garden som vi ser på bildet under Kyrkjenibba er Garlid . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Eit sterkt nordlys på himmelen over Mindresunde som tidligare var jordbruksskule fram til over 50 talet . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Lett slør av røyk utav pipa på det over 100 år gamle familie huset på Mindresunde . Nordlyset viste seg ifrå si beste side . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Etter ei lita stond avtok nordlyset i styrke over himmelen på Mindresunde . Men noko seier meg at det er ikkje det siste bildet som vil bli foreviga med nordlyset i år herifrå . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Vinn flaxlodd

​Å ta eit bilde eller ein film med telefonen er veldig enkelt , og veldig enkelt blir det og å sende inn til Strynavis . 

Du sender då til tips@strynavis.no eller tlf : 46215234

​
Du kan og soklart ta bilde eller film med eit kamera som og ikkje er ein telefon .




Kart

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2026
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Hoggorm vår 2026
    • Tradisjonsrik basar nærmar seg
    • Ny tørkerekord i Oldedalen
    • Jagarfly i Stryn - 11.02.2026
    • Turskøytegåar med svar