Strynavis.no
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025
Search
Annonse

Picture
Ein stor og flott minnestein er no satt opp nedfor hovedvegen ved Tenden . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

I sak nummer 2 av årskavelkade 2024 ser vi tilbake på den store minnesteinen som er på plass ved Tenden i Stryn - 156 år etter ulykka i 1868 

Nyheiter
Publisert :
03.01.2025 11:58
​Av Reidar Nesje
Del hendinga på facebook  med del knappen : 

- Minnestein på plass etter 156 år

Ei ulykke kjem sjelden åleine seier dei , og i 1868 var det ikkje berre Tenden som vart råka av snøskred . Sunndalen , Skåre , Gjørven , Strand og Kyrkjeeide fekk både husmannsplassar og hus og heim rasert , i tillegg til at menneskeliv gjekk tapt . 

Minnesteinar er satt opp iallfall på Gjørven og i Sunndalen ifrå tidligare , og no har altså Tenden fått seg både minnestein og minneplate over dei som miste livet det året . 

Det var i september 2024 at minnesteinen kom på plass der han no står idag . 

- Tragedien ramma på ettermiddagen

Den 26.februar i 1868 klokka 16.00 skjedde det fatale som ramma ytste og inste Tenden i Stryn . 

Eit snøskred losna omlag 500-600 meter oppe i lia og tok med seg husa på begge bruka på garden Tenden . 

Husa låg i den tid oppunder skoggrensa rett ovanfor minnesteinen som no er på plass . Heile 11 menneske omkom . 

På bruk 68.1 overlevde 4 menneske , medan ei jente , Mari , vart berga på bruk 68.2 . 

Det tok 100 menneske nesten ei veke for å finne dei omkomne . 

Snøen var fast som betong , og var nesten 4 meter høg . 

Husa på garden vart i ettertid bygd opp att der dei er idag . 

Desse mista livet i den tragiske ulykka : 

Bruk 68.1 : Ytste Tenden
  • John Olsen Tenden , 61 år
  • Kona Ingeborg Olsdtr . Tenden , 55 år
  • Dotter Johanne Johnsdtr . Tenden , 19 år 
  • Son Ole Johnsen Tenden , 33 år
  • Kona Ragnhild Iversdtr. Tenden , 33 år

Ole Johnsen Tenden og kona Ragnhild hadde overteke gardsbruket frå faren 4 år før raset gjekk . 

På bruk 68.2 : Inste Tenden
  • Jakob Pedersen Tenden , 60 år
  • Kona Synneve Gardbrandsdtr. Tenden , 55 år
  • Son Peder Jakobsen Tenden , 30 år
  • Son Abel Jakobsen Tenden , 22 år
  • Dotter Brithe Jakobsdtr. Tenden , 16 år
  • Son Absalon Jakobsen Tenden , 8 år

I avisa " Bergensposten " stod der følgande om ulykka - Lørdag 7.mars 1868 :

" Samme dags ettermiddag ( etter snøskred ulykke på Kirkeeide ) - men et par timer seinare - overgik eit endnu frykteligere sneskred gården Tenden av Nedstryns hovedsogn . Denne er beliggende omtrent en halv mil fra kirke-eide . Der var det også sne og band i forening , som grundrev , og derfor ble også ødeleggelsen den forfærdeligste . På denne gård bodde 2 oppsiddere med familier . Af siste var 11 personer hjemme , og samtlige blene de i et nu bortrevne med alle gårdens hus og besetning , bestående av 26 kjør ( kyr ) og omtrent 60 faar ( saude ) . Alt her levende måtte late med livet . Hjelp ilæde ( ila ) straks til og denne fremdrog snart av ruinane en mand og en kone , hos hvilken siste mann sporede liv , der dog snart skuffede . Omkring 100 mann har nå i flere dage vært full av beskjæftigede med utgravingen og den fortsættes endnu . Enn lig er gjenfundne - et redselsfullt skue . Blodige og forslåede med brudte lemmer , ja endog med avreven fod har man fundet dem 3 alen nede i sneen . Denne skal , blandet med tømmer og trær , grus og sten , ligge i en kompakt maske til en høide fra 3 til 6 alen , saa her er et overmaade besværlig arbeide ; og når man så endelig finder , hvad man leter efter , bliver man saa uviltaarligen saa betagen av forfærdelse , at man en tidlang ikke formaaer å røre sig til noget . Også på denne gård var skolestue ; men den var - gud være lovet - heller ikke i brug . To av gårdens børn , der , auagtet den høie sne , vare gaaede i skolen , unngikk dermed ødeleggelsen . " 

​( Her er nok litt skrivefeil ifra mi side , men den gamle norsk skrivinga er ikkje alltid lett å forstå seg på ) . 

- Minnesteinen vog omtrent 7 tonn

Det var fortalt at minnesteinen som er henta ifrå hyttefeltet i Tenden vog meir enn berekna . 

Det var entreprenør Hatledal som hadde det ærefulle oppdraget med å hente ut minnesteinen som skulle på plass på neset på Tenden . 

Gravemaskina han brukte for å hente ut steinen var ikkje berekna for den tunge vekta , der dei først estimerte steinen til å være under 3.5 tonn . 

Soleis måtte dei til med ein av dei største maskinene for å hente ut steinen so dei kunne frakte den på plass der den står idag . 

Iniativtakarar bak minnesteinen er Olav Tenden og Arne P. Sunde . 

Picture
Ein flott og verdig plass har minnesteinen no fått nedanfor Tenden . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Tenden i 1954 før den nye vegen og endringa kom . Minnesteinen er no omtrent på linje med hesjestaurane vi ser til venstre på bildet . Kan det tenkast at det er noko av den gamle husmannsplassen vi ser i bakgrunnen kanskje . Foto : Flyfoto / Widerøe

Picture
Minnesteinen . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
På minnesteinen og minneplata kan ein lese følgande tekst . Foto : Strynavis tipser

Picture
Ifølge minneplata låg husa med folk og fe som vart tatt av raset rett oppmed skoggrensa på linje med minnesteinen som no er på plass . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Minnesteinen er lokalisert rett ved siden av riksvegen nedanfor Tenden . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
I bakgrunnen av minnesteinen ser vi Storesunde til venstre og Mindresunde på den andre sida . Flofjellet skimtar vi i bakgrunnen som ruvar godt i bakgrunnen . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis

Picture
Det er ikkje småtteri av ein stein som no har fått tittelen minnestein med minneplata på . Steinen vog omtrent 7 tonn og er henta ut ifrå Tenden hyttefelt . Foto : Reidar Nesje / - Strynavis



Kart

Annonse

Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ? 

Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn . 

Ring også - Tlf : 46215234 
​
  • E-Post : tips@strynavis.no

Tips Strynavis

Strynavis
Adresse : Flovegen 82 , 6783 Stryn -
Tlf : 46215234
E-post : redaksjon@strynavis.no
​Ansvarlig redaktør : Reidar Nesje

© 2025
Strynavis oppfordrar alle til å sende inn tips eller bidrag  , bruk gjerne vårt skjema som du finner under tips for å kunne sende inn video eller bilde . Alle tips og bidrag vil ha mulighet til å kunne motta flax-lodd
Strynavis er ei uavhengig nettavis som skal dekke små og store saker som skjer i Stryn kommune og nærliggande områder . Vi vil ha fokus på " vær varsom " plakaten og vil aldri på nokon som helst måte henge ut eller krenke noken . Om nokon føler seg støtt so ta gjerne kontakt på e-post eller telefon til ansvarlig Reidar Nesje
  • Nyhende
  • Tips-Strynavis
    • Skjema
    • Telefon
  • Arkiv
  • Bli medlem
  • Pålogging
  • Siste 5 hendingar
    • Minneord til Oddvar Auflem - 1940-2025
    • Planlegg bru til Nos - 09.10.2025
    • Avslag på gangfelt - 08.10.2025
    • Fugleliv i Loen - 28.09.2025
    • Haustfargar i Loen - 28.09.2025