Annonse

Salve Pederson Nesdal på bildet var ein av dei som mista livet i Lodalsulykka i 1905 . Foto er ifrå Per bruket på Ytre Nesdal . Salve var født i 1836 og skulle være rundt 69 år den dagen Ramnefjellet rasa i 1905 . Heile gården vart utsletta . Bildet kan være fotografert i rundt år 1875 . Foto : Nasjonalbiblioteket / - Axel Lindahl
61 menneskeliv gjekk tapt i Lodalsulykka - 15.januar.1905
Nyheiter
Publisert :
15.01.2025 17:55
Av Reidar Nesje
Publisert :
15.01.2025 17:55
Av Reidar Nesje
Ord blir fattige for å beskrive den skjebnen dei ulykksalige sjelene i Lodalen fekk oppleve då store steinmassar ifrå Ramnefjellet rasa ned ifrå fjellet og skapte ein tsunami av dimensjonar som sjølv fantasien ikkje greier å forestille seg .
Alt hendte om kvelden 15.januar.1905 , dei overlevande fortalde at det var om kvelden mellom klokka 23 og 24 .
Dei høyrde 2 fæle brak ifrå Ramnefjellet som reiser seg stupbratt opp til vel 1000 moh på vestsida av vatnet . Det var eit fjellstykke som hadde løsna rundt 500 meter oppi fjellet og tok med seg ei stor steinur nedunder .
Alt for på vatnet og ei voldsom flodbølgje skylde straks innover gardane i Bødal og Nesdal .
Fjellstykket som rasa ned var om lag 100 m høgt, 50 meter breitt og 10 meter tjukt, eller 50 000 kubikkmeter stein med ei vekt på om lag 125 000 tonn. Medrekna ura og auren raset reiv laust nedunder, fór ufattelege 870 000 tonn masse ut i vatnet.

- 61 menneskeliv gjekk tapt
61 menneske omkom og berre 9 vart funne. Av dei vart sju gravlagde 20. januar, ein 27. januar og ein 29. april. Seinare vart det sett opp ein felles gravstein med namna og orda:
HER KVILER 9 AV DE 61 * SOM OMKOM VED ULYKKEN * FRA RAVNEFJELD 15/1 * 1905. Steinen står på nordsida av kyrkja i Loen.
Dei andre 52 fekk si grav i vatnet. Til minne om desse vart same året reist ein om lag 5 meter høg bautastein på det høgste punktet på Nesodden. Avdukinga skjedde 13. juni 1905 i samband med ei minnehøgtid. Under ein kross øvst stod denne innskrifta:
MINDE * om ulykken * 15/1 1905 * hvorved 27 * paa Bødal og * 34 paa Nesdal * omkom
Minnesteinen om ulukka i 1905 finst ikkje lenger. Berre tre bøygde jarnboltar står att. Den 13. september 1936 gjekk det eit nytt ras frå Ramnefjellet. Flodbylgja sopte med seg minnestøtta som alt anna som kom i vegen. Det hjelpte ikkje at steinen stod i ein betongfot på 2x2x1 meter bolta fast i berget med 4 svære jarnboltar. Den eine vart riven laus or festet sitt. Dei tre andre står att, nedbøygde langs berget.

- Fakta om raset i 1905
- Dato : 15.januar.1905
- Tidspunkt : Mellom 23 og 24 på kveld
- Størrelse : 50 000 kubikkmeter stein
- Vekt : 125 000 tonn
- Total størrelse medrekna ur og stein : 870 000 tonn masse
- Tsunami høgde : 40 meter
- Antall ramma : 122 menneske
- Menneskeliv tapt : 61
- Attfunnen etter raset : 9
- Sakna : 52
- Antall hus rasert : 60
- Kyr drept : 94
- Hester drept : 10
- Sauer drept : 154
- Griser drept : 16
- Bilder
( Årstal er ikkje alltid 100 % , so ein benyttar den kjelda som er oppført , men feil kan forekomme )

På trass av Lodalsulykka so stoppa ikkje den store turiststraumen for å sjå og oppleve Lodalen . Bildet er etter Lodalsulykka som var i 1905 . Ein ser at ein ny båt , " Lodølen " , har tatt over etter " Lodalen " som dampskip på Lovatnet . Men det må ha vært ei midlertidig løysing som ein kan sjå på bildet under . Foto : Marcus UIB / - Theodor Kielland Torkildsen
- Kjelder :
- Fylkesarkivet i Vestland / - Kulturhistorisk Leksikon
- Nasjonalbiblioteket
- Marcus UIB
- Flickr / - Vestland Fylkeskommune
- Wikipedia
- SNL - Store Norske Leksikon
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no