Annonse
Feira 100 år søndag - Fikk telegram ifrå sjølvaste Kongen overrekt av ordførar Per Kjøllesdal
Nyheiter
Publisert :
19.09.2022 12:00
Av Reidar Nesje
Publisert :
19.09.2022 12:00
Av Reidar Nesje
Åslaug Meland Langeset ( f. Skår ) har levd eit liv lenger enn dei fleste . Søndag var det ei storslått 100 års feiring på Ullsheim arena i Markane med slekt og vener tilstede som ville feire jubilanten .
Ho er født og oppvaksen på Mindresunde i Stryn ( Gjerane ) i ein søskenflokk på 5 , men etter at ho gifta seg vekk har heimen på Langeset høgda vært hennar heim i alle år . For nokre år sidan flytta ho til aldersheimen i Stryn som no er hennar bustad på sine " eldre dager " . Hørsel og hukommelse er kanskje ikkje som det eingong var , men det lune smilet og hennar klåre røst er framleis klårt som før .
Søndag var det altså feiring for jubilanten på Ullsheim med eit overraskande besøk av både ordførar Per Kjøllesdal og artist Steinar Engelbrekston .

- Telegram ifrå Kongen
Ordførar Per Kjøllesdal dukka opp under feiringa og hadde med seg roser og helsing til jubilanten på vegne av både Stryn kommune og sjølvaste Kong Harald .
- Steinar Engelbrektson spelte
Under feiringa dukka og sjølvaste artist Steinar Engelbrektson opp . Her fikk vi då høyre at han har ei personlig relasjon til familien på Langeset då han som ungdom tok utdanning i Stryn , men det er ei anna historie . Hovudfokuset denne dagen var jubilanten som skulle feire sine 100 år , og med seg hadde Steinar både trekkspelet og si rungande røst som fikk fram dei flottaste tonar .
Underteikna kunne sjå at 100 år gamle Åslaug Langeset kvikna til kvar gong trekkspelet vart tatt i bruk og songstemma til Steinar song til dei frammøtte og jubilanten . Ho gynga med foten og svinga seg fram og tilbake under kvar song , ein kunne sjå at det her var musikk ho virkelig likte og satte pris på .
Alle som var på 100 års feiringa koste seg med musikken til Steinar Engelbrektson , og under " Syng meg heim til Nordfjord " fikk ein og være med på " allsong " under kvart refreng .

- Sjå video - 100 år søndag 18.09.2022
Send gjerne tips til : tips@strynavis.no om du ser eller høyrer noko du vil vi skal skrive om . Send oss gjerne bilde / video .
- Tlf : 46215234
- Tlf : 46215234
Kart
Annonse
Tips oss - Har du filma eller fotografert noko de vil dele med Strynavis ?
Trykk her for å sende inn video eller bilder og ein tekst - Strynavis vil gjerne ha gode tips og set stor pris på alle bidrag . Har du noko du vil dele så send det inn og det vil godt mulig havne på nett for stryningar og andre med tilknytning til Stryn .
Ring også - Tlf : 46215234

- E-Post : tips@strynavis.no