Snøras ovanfor Mindresunde - Sjå video

Strynavis.no

Snøras i fjellet ved Mindresunde

Oppdatert : 19.05.2015

Video og redigering : Reidar Nesje

Foto : Reidar Nesje

Det var laurdag 16.mai det gjekk eit snøras i fjellet ovanfor Mindresunde . Kanskje ikkje nokon sensasjon , men det er ikkje kver dag ein fangar eit snøras på video . Å være på rett plass til rett tid er ein ting , men no skal det og seiast at underteikna var på rett plass fordi eg var opptatt med å filme nokre hjortar som gjekk på bøen mellom Mindresunde og Dispen . Det var eit stort brak i forkant av raset , og det buldra og braka bra i fjellsida . Det hadde regna og høllja ned heile dagen so det er ikkje rart at dei siste restane av vinteren ikkje greier å halde på dei snømassane som ligg igjen i fjellsida.