malstrynavis

Strynavis.no

Kollisjon mellom Loen og Olden

Oppdatert : 12.05.2015

Video og redigering : Reidar Nesje

Foto : Reidar Nesje

Det var like etter klokka 15 idag at politiet fekk melding om ei møteulykke på Olden sida ved Tyvanes tunellen . Underteigna var sjølv ein av dei som satt i kø og var vitne til dramatikken som utspant seg der dei forskjellige naudetatane dukka opp . 2 bilar har tydeligvis kollidert med det resultat at eine bilen sto igjen i vegbana mens den andre sto i grøfta i retning Loen . Brannvesen , politi og ambulansar sto ved siden av bilane og jobba iherdig på for å få ut dei skadde . Etterkvart kom luftambulansen og landa på Tyvaneset på Loen sida . Dei 2 ambulansane på staden frakta so dei hardast skadde til luftambulansen som so igjen blir frakta til Førde sentralsjukehus for behandling . Det danna seg naturligvis store køar på begge sider av tunellen sidan dette skjedde i eit tidsrom der det er stor trafikk . Det skulle være 3 personar som var involert i ulykka . Til alt hell var det ikkje dei store skadane etter det eg kjenner til .